lørdag 5. februar 2011

Tilbake til snøen..

Namm.. Godt med pinne!
Ville gjort seg i ulveflokken ja..
Junah gjer sej lekker..
Med snøkragen på..
Standard Anja..
What's up bitches?
No skal eg ned å flyge på ein oter.. så desså..

Ein må noken hundre meter over sjøflata for å sjå igjen skikkeleg snø. Det var ikkje akkurat slik at det var noko problem å finne den. Hundane elskar det. For dei er snø herleg. Einaste så er dumt er denne bandtvangen. Så med Anja i langline og Junah i flexi vart det litt surr, men det ordna seg til slutt.

Eg skal nok vere glad eg hadde på langline. For når me kom ned att til lysløypa kom Anja i kamp med ein oter. Eg hoppa ned i elva for å få tak i langlina og drog hunden ifrå. Ho gjer jo seg ikkje med det fyrste når ho har egla på seg noko. Ho slapp ifrå det med nokon småsår på haka, og eg håper oteren gjekk skadefri ifrå. Me har bestemt oss for å gå opp utan hund berre å sjekke at det ikkje var noko alvorleg.

No er dei slitne begge to, så då vert her nok stille iallfall ei lita stund!

Dagens visdom:
Deep forest
Deep mind

Ingen kommentarer: