søndag 6. februar 2011

Hamsterepoka er over..

Gloria vart kjøpt rundt november 2008. Ho var opprinneleg kjøpt til Ole Andreas, men han ville ikkje ha ho, men gav ho likevel namnet Gloria. Gloria har levd eit normalt hamsterliv. Ho har sprunge i hamsterball, fått forskjellige bur med rørsystem og fått mat. Nøkkelordet til henne var alltid mat. Ein gong fekk me ho til å hamstre 12 nøtter. Då hadde ho store kinn då!

I det siste har matlysta forsvunne litt etter litt, ho vart grå i håra, og ustø på føtene. Det var tydeleg at alderen var byrja ta på med henne. Me veit egentlig ikkje noko om kor gammal ho var då me kjøpte ho, så dermed veit me lite om kor gammal ho vart. Me har iallfall hatt ho her med oss i litt over to år.

Kvil i fred, du vesle kropp!

Ingen kommentarer: