torsdag 3. februar 2011

I tunge tider..

I dei tunge tider strøymer mørke tankar innover sinnet vårt, og dannar ei mørklagd mark å gå på. Ein leitar etter lyset, men finn det som oftast fyrst etter lange tider i mørke. Då er ein nesten overraska over kor lyst lyset kan vere. I desse lange tidene surrar tankane. Det er som oftest noko som løyser ut slike tankar, men det er fyrst i ettertid ein kan verkeleg kan setje seg inn i, og forstå kva det var. Nokon gongar finn ein det aldri ut i det heile. Når ein fyrst er inne på ein mørk tanke, kan det fort utvikle seg til fleire. Ein går ofte tilbake i tid, til dagar der sinnet var på same plassen. Det er akkurat som om denne staden, denne mørklagde marka, minner deg om alt det vonde i livet ditt. Brått huskar du dei verste minna frå barndommen, og kjenner at den kjente klumpen ligg i halsen igjen. Det skal berre eit millions sekund til med tilbakeblikk. Det er rart at dei små tinga trekk oss så fort ned, men at det ofte må mykje meir til for å drage oss opp att.

Menneske er danna som eit av dei mest intelligente på planeten. Likevel er me utruleg enkle å knekke. Her kjem også forskjellen mellom kvinne og mann inn. Mannen knekk sitt kjønn som oftast fysisk, medan kvinna knekkjer sitt eige kjønn med psyke. På mange måtar meinar eg at det er derfor kvinna er den mest ondskapsfulle. Ho legg ein slagplan, og knekkjer deg sakte men sikkert ned i grusen, nesten utan at du kan skulde henne for det. Utspekulert, men samstundes genialt for henne. Ho har fått sin hevn. Det kvinna sjeldan tenkjer over er at ei slik psykisk skade, ligg lenge å ulmar. Ein blåveis forsvinn etter kort tid, men tankane legg sjeldan vekk ei tung psykisk skade. Det skal seiast at forskjellig folk, har forskjellig grad av psyke. Nokon tåler meir enn andre. Det har også noko med den eksakte dag å gjere, eller hendelsar i livet ditt å gjere. Derfor kan nokon opprette skada fortare enn andre. Men innrømm for deg sjølv at om nokon seier du til dømes har ein stygg latter, så tek du det til deg, og ler kanskje mindre eller lågare neste gang.

Det er utruleg trist at me let oss så lett knekke. At ein dag kan øydeleggast av eit ord. At eit liv kan øydeleggast på ei hending. Me er mykje meir kompliserte enn me sjølve trur, men heldigvis har me som oftast intelligens til å finnet lyset på eiga hand. Ein indre kamp er ofte tung, og urettferdig forma. Likevel kjempar me alle for det same målet, gleda. Til slutt vil eg drage inn eit sitat frå One Tree Hill: Happiness is a mood, not a destination.

Dagens visdomsord:

Keep Holding on

I know you’ll make it through

Ingen kommentarer: