fredag 11. februar 2011

Dei veks og trivst...

Sidan dagane går i eitt for tida, er der ikkje så mykje å skrive om. Anja er løpsk og er heilt rar. Gleder meg til ho er tilbake til normalen igjen, slik eg kjenner ho. Ellers har eg har hatt noke studiotid saman med Sandra. Dette har vore svært gjevande, og me har hatt mykje kjekt. No har me spelt inn seks av songane hennar, og eg må seie her er mykje bra! Eg for min del har desse songane på hjerna store delar av dagane. Det viser jo berre at dei fengar!Junah vert berre meir og meir hund i. Kjekt å sjå kor ho vekse både psykisk og fysisk. Spesielt kjekt er det å sjå at ho har god framgang i saker og ting me trenar på. Til dømes å ikkje reagere på at bilar køyrer forbi på vegen. Dette har ho vorte kjempe flink til. Ho bryr seg ikkje om bilane noko særleg no lenger. Det er jo kjempe flott! I tillegg er ho byrja verte god på daglege ting som spinn og sitt, og ikkje minst å vente med å ete maten til ein seier ver så god.

Sjølvsagt ligg det i baktankane at ho no er same alder som Sunny vart, men eg kan ikkje la meg plage av det gjennom kvar dag. Heldigvis ligg ikkje følelsen om at ho kan forsvinne når som helst der. Eg er glad for at Junah er så forskjellig frå den Sunny var. Viss ikkje hadde det nok ikkje vore så enkelt i desse tider. Det var jo nettopp dette eg såg etter også då det viste seg eg fekk velge kvalp. Det var ikkje noko lett valg å velge vekk den som minte meg mest om Sunny, men det var nok det beste både for meg og hunden.
Mi vesle Sunny kan uansett aldri erstattast....

Dagens visdom:
Kva kom fyrst,
speilegg eller kokt egg?

Ingen kommentarer: