mandag 14. februar 2011

Til minne om Gråpus..

Rundt august 1996 vart Gråen fødd. Ho var einaste i kullet som var fødd med kort hår, så ingen ville ha ho den gongen. Den dåværande kjæresten til Eva ville derimot det, og Gråpus budde hjå han til ho var rundt seks månadar. Etterkvart byrja Gråen å rasere i huset medan mannen var på jobb, så han ville ikkje ha ho lenger. Det var då me fekk tilbudet. Me hadde berre ein katt frå før, Svartepus, så me bestemte oss for å prøve. Dette var skikkelig klaff.
Gråpus vaks og vart ei godjente. Når ho ar lita hadde ho digre øyrer som såg ut som parabolantenner, og ho likte å sjå dråpar falle frå krana og ned i vasken. Dette var morsomme saker då ho var lita. Svartepus var veldig snill med Gråpus, og då Svartepus døde brukte Gråpus ofte å vere i nærheita av grava.
Lisjepus flytta inn, og Gråpus synes ikkje noko om dette. Ho hylte i fleire dagar, men til slutt vart det ein klaff, og dei var gode vennar for ei periode. I vaksen alder var dei ikkje lenger så gode vennar, og dei holdt seg mest for seg sjølv. Gråpus var ei veldig nervøs jente, så om det kom mykje folk til gards vart ho borte over ei periode. Ein gong måtte mamma gå opp i marka å finne ho. Den gongen hadde ho vore borte i tre veker.
Gråpus var ikkje mykje sjuk i livet sitt, men noko var der. Ho hadde ein gong dobbelsidig lungebetennelse. Den gongen var ho veldig sjuk, men ho kom seg heldigvis igjennom. Ho har vore eldstejenta vår no lenge, og levd sine pensjonerte dagar nede på vaserommet, i senga si oppe på tørketrommelen, men matservering på senga. Litt bortskjemt skal ein vere når ein blir gammal.

Sidan jul har ho hatt dårleg pels og vore litt rar i oppførsel. For to veker sidan var me bort å fekk sjekka ho, sidan ho var betydeleg annleis. Den gongen fann ein ingenting, og mistenkte at ho kunne ha blærekatarr, og kanskje vondt for å snu seg så ho fekk vaske seg. På laurdag byrja ho sleve så voldsomt, og det var ikkje noko fint syn når me opna munnen for å sjå. Der hadde det vokst seg ein tumor under tunga på høgre side. Ein vanskelig sort å operere, og ei agressiv krefttype. Me valde å la ho sleppe meir. Utviklinga var for skummel til å fortsette med, og Gråpus har det nok langt betre der ho er no!
Kvil i fred pus, og takk for 15 flotte år!

Ingen kommentarer: