mandag 29. november 2010

Omplassering av hundar..

Eg las nyleg historia om hunden Findus på facebook. Sjølve hovudhistoria kan du lese her. Kort fortalt handlar den om ein hund, som er eigaren sin beste venn og nærmaste familie. Så vert mannen forelska, byrjar å sikte på karriere, og etterkvart kjem ungar til. Hunden endar sakte men sikkert på siste plass i rangstigen, men held motet oppe likevel. Mannen får ny jobb og skal flytte til ein stad det ikkje er lov å ha hund. Derfor sett han hunden på internat. Der vert hunden verande, og ingen vil ha den. Til slutt må den avlivast, slik hundar vert når ingen vil ha dei. Eg trekk ut dei siste orda i artikkelen:

Da jeg merket stikket og den kjølige væsken løpe gjennom min kropp la jeg meg søvnig ned, kikket henne inn i hennes vennlige øyne og mumlet "Hvordan kunne du gjøre det?" Kanskje forstod hun mitt hundespråk , for hun sa "unnskyld".
Hun klemte meg og forklarte fort at det var hennes jobb å sørge for at jeg kom til et bedre sted, hvor jeg ikke ville bli til sidesatt eller mishandlet eller forlatt eller måtte klare meg selv - et sted med kjærlighet og lys så meget annerledes enn dette jordiske sted..
Med en siste kraftanstrengelse forsøkte jeg med et haledunk å uttrykke at "Hvordan kunne du gjøre det?" ikke var rettet mot henne. Det var deg, min elskede herre, jeg tenkte på. Jeg vil tenke på deg og vente på deg for evig. Måtte alle i ditt liv vise deg så stor lojalitet

Det verste med å lese historia er at der er så mange hundar der ute som lid samme skjebne. Om ein tek ein snartur inn på Finn.no kan ein finne ut at der er mange nye hundar kvar dag som gis bort, og enda fleire til salgs. Kvar einaste dag strøymer det på. "Søt hund gis bort", "Verdens beste hund gis bort".. Viss den er verdens beste, kva i verda vil du gje den vekk for? Me kjenner vel menneske arten så pass at me veit at alle vil ha det beste for seg sjølv.

Eg skulle ynskje at folk tenkte litt meir over kva dei kjøpte. Ein kvalp er kjempe søt å sjå på, deilig å klappe, og herlig å oppleve og sjå på. Det få tenkjer over er at ein kvalp er eit levande individ. Eit individ som lev mellom 10-15 år, som skal ha ein oppdragelse, ein fysisk og psykisk kvardag, oppmerksomheit og mat kvar dag. Er det så vanskelig å forestille seg at den lodne kosebamsen vert større og sterkare?

Det er rart kor mange der ute som brått må omplassere fordi dei har allergi, skal flytte til leiligheit som ikkje er lov å ha hund, har gått lei hunden, den er for travel, den gjer ikkje det me seier den skal.. Grunnane er evige. Forstå meg rett, eg er på ingen måte mot omplassering. Hundane fortjenar nye sjangsar, når dei som eig ikkje kan gje dei eit godt liv, men så mange omplasseringar kunne vore unngått om folk hadde tenkt litt lenger. Sånn eigentleg burde det vere eit kurs før ein kjøpte seg hund, eigentleg for dyr generellt. På den måten kunne ein iallfall komt unna dei som omplasserar fordi dei ikkje visste.

Dei annonsene eg synes er mest triste av alle, er dei hundane som er langt opp i åra. Ein finn ikkje ut etter ti år saman med ein hund at ein er allergisk. Går det virkelig an å ha ein hund i ti år utan å få eit forhold til den..? Hunden som er eit familiemedlem, som er gledeleg med på alt. Hundane gjev oss heile sitt hjerte, men alt for mange av oss tek ikkje imot det, og stenger det ute. Kanskje hadde det gjort seg med eit litt annleis syn på hunden som eit individ.

Me mennesker er arrogante. Å tru me kan behandle alle andre artar akkurat som me vil fordi me er på toppen av næringskjeda, er sinnsjukt feigt og arrogant. Mange der ute burde skamme seg. Dyra fortjenar betre enn oss.

Når det er sagt, så synes eg omplassering er eit flott tilbud. Der fins folk som må omplassere hundane sine av gode, viktige grunnar. Dette er også folk som som regel skulle gjort alt for å ha hunden sjølv, men av ulike grunnar ikkje får det til å gå opp. Omplassering kan vere eit fint verktøy til å gje hundar nye sjangsar. Så lenge det vert brukt på den rette måten. Alt for mange hundar lid skjebna til Findus...

Dagens visdom:
When God closes one door
He opens another

Ingen kommentarer: