fredag 19. november 2010

Så var ørkenrotte eventyret overfor denne gong..

Det heile starta i 2003, det året eg var konfirmert. Mari gav mej då ei ørkenrotte i gave, som ej kalla Sarah (kort for Star of Sahara). Ette å ha hatt han ei stund, fann eg ut at ørkenrotter burde vere to. Derfor drog eg til Volda å kjøpte ein hanne til. Dette gjekk som smurt og dei var bestevennar. Den nye fekk namnet Sahara. Det tok ikkje lange stunda før to vart til 16. Ørkenrotte formeira seg ekstremt fort. Sahara viste seg å vere ei jente. Nok ein feil av dyrebutikken. Då igjen, er det ikkje det verste som har hendt meg. Å oppdra ørkenrotte ungar er ein kjempe takknemlig, og kjekk jobb. Dei er ikkje særleg søte som nyfødt, nakne og rosa, men jammen veks dei seg fort til å vert små hjerteknusarar.
Historia omfattar mange ørkenrotter framover. Det var vel snakk om nokon kull. Me var jo nye innen dyret, og å skilje kjønn var ikkje alltid like enkelt. Brått var der komt ei hoe med hannane, og slikt vart det ungar av. Det er vanskelig for ei utrent auge å sjå forskjell i byrjinga. Det meste av ørkenrotte me hadde nokon gong samstundes var nok 22. Berre seks av dei som vart oppfostra vart solgt vidare til andre folk. Vart jo så glade i dei alle saman. Alle hadde sjølvsagt namn, og i mangel på store nok bur, vart dei delt inn i grupper med dyr som gjekk godt saman, helst i partal grupper.
Eg kjem til å sakne dei sju åra eg hadde saman med eit herlig vesen. Eg håpar berre eg greier å la vere å kjøpe nye innan eg eigentleg er klar for det. Der kjem til å verte ørkenrotter i framtida, men ikkje så lenge eg er i den situasjonen som eg er no. Dette er desverre ei tid for nedtrapping, og det må eg minne meg sjølv på kvar einaste dag.Til minne om:
Sahara, Sara, Lucas, Luke, Yoda, Tasselabb, Cognac, Trude, Tom, Ole, Dole, Doffen, Måne, Dove, Black, Jill, Wonder, Ani (Anakin), Lille Svart, Muntiadok, Peregrin, Sirius, Lady, Snehvit, Fred, George og Star.
Kvil i fred!

Ingen kommentarer: