onsdag 10. november 2010

Minnast..

Etter mangfoldige diskusjonar i heimen, vart det mest sannsynleg konkludert i at det var Allehelgens denne helja, ikkje forrige, som me trudde fyrst. Allehelgens er dagen då me minnast dei døde. Ein dag for minner fra fortida. Opprinneleg var det ein dag for berre helgenar, men har sidan låke ut til å verte ein minnedag for alle folk og fe. Tradisjonen for dagen er å tenne lys på alle graver. Då me trudde på kalendaren vår, og trudde allehelgens var førre helg, var det då me tende lys på alle gravene. Ikkje noko krise det vel, me huska iallfall å minnast!I år var desverre Sunny blant dei som skulle minnast. Det er rart, og ikkje minst trist, å tenke på at i dag er det nøyaktig to månadar sidan ho forlot oss. Tankane svevar også rundt korleis ho ville sett ut i dag, korleis ho ville oppført seg, og kva ho hadde kunne opplevd. Sunny vil nok alltid ligge som eit stort sakn. Det er ikkje lett å gløyme nokon som gav så mykje på så kort tid.
Dagens visdom:
Once a drop of the world
Now an ocean allover..

Ingen kommentarer: