fredag 26. november 2010

Tyven tyven skal du hete..

Sidan det er kalde dagar ute held mamma på å strikke eit ulldekken til Junah, slik at ho ikkje skal fryse på den nakne magen når ho er ute. dette strikkedekkenet skal me ha under eit anna dekken, som er regn og vindtett. Då kan Junah møte vinteren utan bekymringar for urinveisinfeksjon og den slags svineri. Det er uansett ikkje lange stunda me kan opphalde oss ute i 10 minus, men den korte tida det er snakk om, er det godt å ha litt ekstra pels. Som du ser på bilete hadde Junah trua på at ho kunne strikke ferdig dekkenet sjølv. Ho har god trua denne jenta her!

Dagens visdom:
Don't lose your faith!

Ingen kommentarer: