torsdag 2. desember 2010

Då var ventetida i gang..

No er me inne i ventetida. Faktisk allereie to dagar på veg. Denne tida brukar å gå alt for fort for min del. Desember er mykje basert på stress. No til helja vert det Adventsfest med Dakruko, i tillegg er det sjølvsagt julebord på fredag (altså i morga). I desember er det også muntleg eksamen, korpsøvingar, damekorøvingar, felles øving med mannskoret, kyrkjekonsert og ikkje minst må ein handle inn julegaver. I tillegg til å vere sjuk, så må sjølvsagt Junah trenast, og Anja trimmast. Mykje på ein gong dette her. Gled meg til me får unna litt. Så, no er det nok klaging og syting. Lat meg vise dykk nokon koselege bileter som dagen i dag har gitt!
Skal ha siste slikken!
Kampen om surmjelka!
Junah så godt som 14 veker!
(er nokon som må byrje tenke på blomsterfix..)

Dagens visdom:
Life is easy ruled by priority..

Ingen kommentarer: