
Typisk min flaks er at det regnar i eitt strekk fram til eg byrjar sommarjobben min. Det er fyrst då veret skin gjennom med sol og høg temperatur, folk kjem inn på butikken i shorts, og fortel kor kjekt dei har det i fineveret og at dei skal grille, og bade, og ha sommarferie. Då har eg mest lyst å sette meg ned å grine på jobb. Sånn føler vel alle det ein gong iblant. Nokon er jo trossalt på jobb når eg har ferie, og omvendt. Derfor bør det porsjonerast ut finever til alle, spesielt alle søndagar bør ha veldig fint ver.

For å få ei balansert verd, slik at alle skal vere fornøgde, treng me dei fire sesongane/ årstidene. Me treng ein sommar med sol og varme, ein haust med regn og hausting, ein vinter med snø og ski på beina, og ikkje minst ein vår med grøde og farge! Det er ikkje det same utan alle desse. I år har Kong Vinter fått sin del, det kan ein iallfall trygt seie, våren kom også, men no ventar me på ein sommar som varer meir enn fem dagar. Skal tru om han kjem på ekte i år? Eg trur eg med handa på hjarte kan seie her ikkje har vore meir enn 19 grader i år, i skuggen altså. Og det var i en dag, og temperaturen sank så fort sola for.
Tenk på at sola snart snur, då fer ho frå oss igjen, og varmen ho gjev vert svakare. Det er trist om ho skal reise på ferie før me har fått smakt ei ekte nær sol, ho har jo trossalt ikkje varma opp sjøen enda. For sjøen er ein viktig del av min sommarferie. Det skal ikkje vere sydenvarmti sjøen, nei, det skal vere rundt maks 25 grader, for du skal kjenne at det er litt kjølig. For litt av poenge med å bade er jo nettopp å kjøle seg ned. Likevel vil ein helst ikkje verte blåfrosne når ein hoppar ut i, så ein plass over 15 grader er også bra.
Så var det vinden då. Kvar gong sola er framme må denne forferdelege vinden kome å stryke deg med kalde byks over skuldrane så du mest har lyst å ha på termodressen når du skal ut. Slik skal det ikkje vere denne årstida. Termodressen skal ligge longt nedepakka, det er jo juni for pokker. Det er rett som ein skulle tru at vinden trur Kong Vinter herjar enda. Hallo du vind, det er sommar no! Om han berre forstod det eg sa. Men Bris, du er hjarteleg velkomen. Ein varm bris som stryk deg på kinnet, den er alltid velkomen.
Kom sommar, kom varme
Her skal du husrom finne!
Her skal du husrom finne!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar