søndag 6. juni 2010

Korpsstemne på Åndalsnes!

Fredag reiste Dalsfjord Musikkorps og Lauvstad Skulekorps på stemne på Åndalsnes. Sidan Ole Andreas ikkje var ferdig på jobb då bussen reiste, kaure me hass sin bil. På kvelden når me kom fram gjekk det mest i å verte kjent på staden, sjekke inn på hotellet vårt, og sjekke ut aktivitetane dei hadde der. Det vil då seie instrumentkasting, diskotek og filmen ORPS.

Laurdag starta me med ein god hotellfrokost, iallfall eg og Ole Andreas. Etter det vart det oppstilling på respektive steder, som der stod i programmet. Så marsjerte me oss ned saman med tre andre korps i vår pulje, til rådhuset midt i Åndalsnes sentrum. Der vart det spelt nokon fellesnummer, så fekk me litt fritid saman med nokon ekle baguettar. Etter ei kort fritidsperiode hadde me ein utekonsert på kaia til glede for engelske turistar!

Så var det oppatt til kulturhuset å spele konsert saman med nokon andre korps. Eit og eit i gongen altså. Den vart jo vellukka, men eg var passe svolta når den var ferdig. Heldigvis var neste på programmet buffet, som dei so svært kalla det. Det var altså taco. (Eg synes ikkje kjøttdeiga var så god.. Fy kor kresen du er Anita). Så var det diskotek, konsert av Amanda og Eirin, litt byvandring og så i seng.

Dagen i dag var frokost, musikksti (forskjellige oppgaver som korpset gjor saman), pizza grandiosa, oppmarsj og avslutning med fellesnummer. Så var stemnet ferdig, og me tok vegen heim via Trollstigen, som forresten er ein meget fasinerande veg! Eg vil seie at stemnet var vellykka, og eg trur me spelte fint, men jammen var det godt å kome heim også. Her var det nemleg to herlige hundar som ville ete meg opp! :D
Dagens visdom:
"Ah, music," he said, wiping his eyes. "A magic far beyond all we do here!
(Albus Dumbledore)

Ingen kommentarer: