lørdag 12. juni 2010

Fyrste fjelltur og sosialisering i Volda

I dei siste dagane he me dreve litt hunderelaterte saker. D he vore fint ver, og ei fryd og vere ute! På onsdag va ej og Trude på tur til Volda saman med Sunny. Der fekk me treffe trafikk, folk, hunda, syklista, mopedista osv. Det var rett nok litt skummelt til å byrja med, men ette en times tid gjekk med rundt med ei tøffe i band. Kjekt å sjå at ho gjer framsteg på kort tid! :)

Torsdag vart ein litt meir fysisk dag, men samstundes oppleving av mykje nytt. Me var eigentleg bestemt berre på ein liten skogstur for å sjå oss rundt, men så fann me råsa til Lisjebøvegen. Då gjekk me opp igjønå, Anja fyrst og Sunny i sekken. Sunny fekk også prøve å gå litt mindre strekninga i vegen, og var flink å seie ifrå når ho var trøtt og ville opp i sekken igjen! Det vart altså Sunny sin fyrste tur til Fossastøylen. Me vonar det vert fleire.
Då me kom ned att sprang Anja på sjø, og Sunny vassa i kanten. Var litt for skummelt å legge på svøm ut igjønå. So satt me oss på altanen å slappa av, (Anja sola sej, ho he so lyst å bli brun). Fredagen vart berre ein slappe av inne dag, sidan veret tala sterkt imot oss. Bra å slappe av av og til også.

Dagens visdom:
Møte med det nye er ikkje forgjeves

Ingen kommentarer: