torsdag 24. juni 2010

Jonsokfeiring og bilvask!

I går var det som kjent jonsokafta. Denne starta eg og hundane med å vaske bil. Sunny var heilt med, sidan ho elskar vatn, og bilshampoo skom var jo berre heilt fantastisk, iallfall når nokon prøvde å fortelle at det ikkje var så bra for ho. No er iallfall bilen min rein, men då kjem desverre alle ripene fram. Her er resultatet:Her er då Sunny sitt svar på kva me skulle bruke vatnet til. Denne videoen er filma etter ho har herja ei god stund med den vannslangen:

La også ut ein annan film på youtube her ein dag. Denne er av Anja og Sunny når dei leikar på plenen. Det som er litt dumt med denne er at der har komt nokon fukt flekkar på linsa, men de fattar poenget likevel. Nøyer meg med link:
http://www.youtube.com/watch?v=sObKZdzpQI0
Så var det ut på Hauane å feire jonsok med stort bål. Dette fordi bygda, av ein eller anna teit grunn, har vald å flytte sjølve bygdefeiringa til helja. Ka e vits med å feire jonsok 26. juni...?:S Uansett, her e bilde frå vår granne feiring:Dagens visdom:
Rid den dagen du salar
Så slepp hesten gå lei salen..

Ingen kommentarer: