søndag 6. juli 2014

Tur til London..

Mandag reiste eg og Ole Andreas ein tur til London. Me reiste med Norwegian frå Vigra. Veldig sytalaust å ta direktefly der ifrå. Slepp all reisinga i tillegg til flyging. Me landa ganske seint på Gatwick, så var så vidt me rakk siste toget som gjekk dit me skulle. Me budde på Novotel London Brentford. Dermed måtte me ta toget til Clapham Junction og skifte til eit tog som gjekk ut til Brentford. Der ifrå tok me taxi for å endeleg kome fram til hotellet.
 Novotel London Brentford er eit heilt nytt hotell som opna i juni. Veldig moderne og flott hotell til ein rimelig pris. Den rimelige prisen skuldast nok at den ligg litt utanfor sentrum. For å kome inn til Picadilly Circus måtte me gå 10 min til næraste undergrunn (South Ealing stasjon). For så å ta Picadilly line inn til sentrum. Dette tok omlag 30 min. Det fine med å ta undergrunnen er at du vert godt kjent i London medan du reiser rundt. Me kjøpte oss dagskort for å kunne tube oss rundt til alle attraksjonar.

Dag 1

Tysdag gjekk me inn for å verte litt kjent i området. Dermed tok me tuba inn til Picadilly Circus og vandra oss opp og ned Oxford Street. Då fekk me dekt alle våre handlebehov, i alle fall nesten. På Conventry Street fann me ein T.G.I. Fridays. Der passa det eigentleg utmerket å ete middag. I tillegg var eg så heldig å finne ein Tokyo Toys butikk rett over gata. Dermed fekk eg kjøpt meg pocky og kule t-skjorter.
Dagen var ennå ikkje over då me satte oss ned ved statua på Picadilly Circus. Me bestemte oss derfor å ta tuba til Westminster for å sjå Big Ben på kvelden. Veldig flott med all belysning og slikt å sjå den på kveldstid. Me kunne likevel ikkje drøye det for lenge. Tubene stenger tidleg i London. Siste går rundt midnatt. Så etter å ha vandra oss bort mot London Eye bestemte me oss for å gå til næraste stasjon (Waterloo) å reise heim.

Dag 2

 Onsdagen bestemte me oss for å finne ein Hollisterbutikk. Den me hadde sett oss ut var på eit kjøpesenter som heitte Westfield. Me fann ut at me måtte ta tuba til Sheperd's Bush. Der ifrå var det 5 min å gå. Kjøpesenteret var meir som ein enorm by av butikkar og restaurantar. Me fann heldigvis fort Hollister, og gjennom nokre fancy cyberkart som ein kunne trykke på fann me også andre butikka av interesse. Fann mellom anna ein dyrebutikk (Purple Bone). Men prisar og ikkje minst størrelsen på butikken var skuffande. Ein så dyrekjær nasjon som England skulle ein tru hadde litt meir spennande ting, til kanskje ein rimelig pris.

Sånn prismessig var London ikkje noko spesielt billig. Same prisar som Noreg, om ikkje nokre ting var dyrare også. Utvalet er derimot mykje betre. På Westfield fann eg meg ein Puma butikk. Herlig å finne så mykje gode kle på ein stad. Puma ftw.

For å bruke opp tid før kvelden reiste me ut til Tower Hill. Der fekk me sjå på Tower of London. Einaste grunnen til at eg hadde interesse for det var sjølvsagt at eg diggar serien "Tudors" som handlar nettopp om den tida då "the Tower" var mykje brukt. Me fekk også sjå Tower Bridge, den mest imponerande brua i London dersom du spør meg. Tuba var overfyllt på vegen attende (rush mellom 12-17 ish), derfor gjekk me langs elva retning Waterloo berre for å "kjøle" oss ned.
Onsdags kveld var det store høgdepunktet. Me tok tuba ut til South Kensington. Derifrå var det fine subway'a å vandre i til Royal Albert Hall. Her skulle me nemlig få oppleve ein fantastisk konsert med Coldplay. Stemninga var på topp, hallen var flott. Trur faktisk dette må vere ei av dei største opplevingane eg har fått vore med på, i alle fall i konsertsamanheng. Etter konserten gjekk me saman med ein stor fanskare ned att til tuba. Det var vindunderlig stemning. Alle song på Coldplay låtar så undergrunnen rista.

Dag 3

Torsdags morgon reiste me ut til Baker Street via undergrunnen. Der ligg Madam Tussauds. Me hadde bestillt biletta på førehand og skulle vere der mellom 1030-11. Veit ikkje kva hensikt dette hadde, men me stod ikkje så lenge i kø før me kom inn. Inne var det veldig mykje folk, eigentleg alt for mykje folk. Dersom ein ville ta bilete saman med nokon måtte ein stå i kø. Dette er vel noko ein må rekne med i høgsesongen. Fasinerande var det i alle fall. Mykje bra, og nokre få dårlige.
Etter Madam Tussauds måtte med ned til neste hovudattraksjon; London Eye. Då bar det ned att til Westminster. Her var ei forrykandes utsikt og deilig air condition. Etter dette var det neste viktige attraksjon, Hard Rock Cafe. Då bar det oppover til Green Park. Der åt me ein nydelig lunsj før me vandra litt rundt å såg på minnestatuene rundt om. 
Til kvelden vandra me litt rundt på Picadilly Circus. Brått rundt eit hjørne fann me ein M&Ms butikk. Dette var meget fasinerande. Etter litt m&ms var det på tide å kome seg inn på ein kino. Trass at premiera ikkje var før 4. juli fekk me likevel sjå "How to train your dragon 2" på VUE Leicester square. Veldig søt film.

Dag 4 - Final day

 Fredagen pakka me saman på hotellet og sjekka ut. Dermed dragsa me med oss kofferta og styr på tuba og inn til Picadilly. Der tok me oss ein tur på Burger King og satt oss ned langs fontena på Leicester Square. Me hadde oss også ei siste runde rundt for å kike etter nokre siste gode kjøp. Ikkje så alt for mange tima seinare måtte me ned til undergrunnen igjen. Der tok me tube til Victoriastasjonen. Frå der kunne me ta direktetog ut til Gatwick igjen. Eit lite storbyeventyr var dermed over. Då me landa i Noreg byrja regnet. 

Dagens visdom:
Live, Love, Dream ..

Ingen kommentarer: