lørdag 12. juli 2014

Liadalsnipa..

Torsdag satte eg og søskenbarnet mitt, Karin, vegen mot Liadal. Der hadde eg sett meg ut at me skulle kome oss opp på det fjellet som alle ser og køyrer forbi, nemleg Liadalsnipa. Me hadde på førehand lest oss litt opp om kva me gav oss ut på, og visste mellom anna at me skulle ta av mot Halse og køyre opp til ein gard. Ved den garden parkerte me å starta ferda på ein traktorveg.

Etterkvart gjekk det over til skikkelig sti. Skodda låg godt rundt fjella denne dagen, men der var heldigvis tidlege teikn på at me skulle over. Allereie då me kom opp av skogen såg me utover det endelause skoddelåket som låg ut mot havet. Me fekk også kjenne at varmen skulle kome sigande i dag. 
Anja var sjølvsagt med, og heldigvis for ho kom Nakkevatnet på vegen oppover. Eit friskt og lokkande vatn som du ser heile klatreturen oppover. Tenkte mange gangar på kor herlig det hadde vore å berre stupe ned att i det friske og kalde vatnet. Me nøya oss med å plaske litt med henda, medan Anja tok symjinga på alvor.

Etter Nakkevatnet byrja det å verte noko brattare. Då me kom opp på fyrste kanten fekk me nok ein gong nyte ei slåande utsikt, men enda med skodda som landskap. Vidare møtte me fyrste klatreetappe. Overraskande nok var der mykje "handtak" i steinane. Dermed gjekk det overraskande bra. Anja tok i som ei fjellgeit oppover, men eg er glad ho er så "liten" og lett som ho er. Hadde ikkje turt å ha ansvaret for noko større hund opp i dette terrenget.
Det var nemlig luftig rundt oss. Eine sida var det ned mot Ørstafjorden, andre sida var det rett ned i Nakkevatnet. Ein kan jo vere heldig å lande i vatn, eller? Der var nokre få gonga eg rakk å tenke; "Dett eg no, då er det over!". Heldigvis var der ikkje for mange slike tankar på vegen opp.

Heile vegen oppover var det tydelig rås. Det var aldri tvil om kva veg me skulle. Nokre parti krevde litt meir tenking og logistikk enn andre. Der var spesielt to parti der eg måtte hjelpe den firbeinte litt. Då var det godt me var to så den eine kunne klatre føre og ta i mot hunden. Kanskje litt feil å kalle hunden firbeint, for me gjekk nok like mykje firbeint me som ho.

Så var me plutselig på toppen. For ei utsikt, så god plass, så deilig, og for ein meistringsfølelse!
 Brått medan me var på toppen å tok bilete frå aust til vest, då letta skodda.
 Me tok oss også ut på enden mot Ørsta. Nokså luftig der også, men det vert på ein måte berre ein vane til slutt. Sjølv om Liadalsnipa kanskje ikkje er det høgste fjellet i nærområdet har det i alle fall utsikt som om det var det. Me kunne sjå langt alle vegar. Eit sentralt punkt som må opplevast!
Turen ned att gjekk overraskande bra. Det var godt å kome ned att til Nakkevatnet å få skylle seg litt. Eg var også positivt overraska over Anja. Kor fint å ho klarte å tilpasse seg klatringa både opp og ned. Eg anbefalar alle å ta turen hit, men ikkje dersom det er vått!
Dagens visdom:
Luft bere deg ikkje, så ber deg sjølv..

Ingen kommentarer: