fredag 18. juli 2014

Mørke sider ved oppdrett..

I dag fekk eg oppleve den triste og grusomme delen av å vere "oppdrettar". Det heile starta i går kveld når eg skulle vege kvalpane for å sjå kor dei låg an fyrste dagen. Alle hadde framgong bortsett frå ei, ho hadde gått ned 15g. Eg fann fram til ho i kvalpekassa for å sjå korleis ho greip an mjelka.

Ho leita og leita, men fekk liksom ikkje tak. Eg meinar bestemt eg hadde sett ho suge rett etter fødsel, men no i ettertid er eg ikkje sikker lenger.

Eg prøvde iherdig å hjelpe ho i gong. Pressa ut litt mjelk å fekk munnen over. Kanskje fekk ho nokre dråpar, kanskje ikkje. Eg prøvde også med litt druesukkerblanding då ho no tydelig ikkje var som dei andre.

Fleire gongar gjennom natta prøvde eg, og snakka med andre med erfaring. Fleire tips vart prøvde, men ingen fungerte så godt.

I dag tidleg vart eg og dyrlegen einige om å prøve erstatning. Ho saug delvis sjølv, men var ikkje kjempe engasjert. 4 ml fekk ho, og vekta gjekk litt opp.

2 timar seinare var eg tilbake i kvalpekassa. Då ligg ho berre der, gispar etter luft. Me reiste direkte til dyrlege. Ho sjekka etter væske i lunger, gav sukker, middel for hjarte, middel for pusting, masering, varme. Ho prøvde alt. Ei lita stund såg det bra ut, men så ville ikkje hjarte meir...

Vesle jenta vart berre litt over ein dag gammal. Navnet ho skulle få var Talisa.
Kvil i fred lille venn!

Ingen kommentarer: