onsdag 23. juli 2014

Ei epoke er over..

Miini vart fødd på Ørje 23. juni 2006. Ho vart bringa med fly saman med Linda opp hit til meg. Ho vart straks satt saman med BitteLita, og desse to fungerte godt saman. Miini var ei bestemt dame som var krysning mellom dvergwedder og løvehode. Ho var litt sjefete i "luftgården", men likevel herska der stort sett ro. Siste åra har Miini levd aleine i kaningjerde. No er kaningården tom. 

Kvil i fred vesle venn!

Kaninhistoria mi starta for veldig mange år sidan. Me fekk oss ei svart dvergwedder som me kalla Minni. Ho fekk me med bur og heile pakka. Ikkje mange år seinare kom Florry Mariekjeks saman med henne. Desse to var egentlig heilt like i mine auger. Då Minni og Florry døde måtte me nesten ha oss nye kaniner. Då reiste me å henta to "like" kaninungar. Ein til meg, og ein til søstra mi; Propella og Minni (2). Desse to var nokre artige damer.
Ikkje mange åra seinare overtok me ein ny dvergwedder, Sølvi. Det tok mange timar å få Sølvi til å gå saman med desse to bestemte damene, men det gjekk. Etter mykje tid saman på plenen vart dei venner. Minni og Propella døde ganske så nøyaktig med eit års mellomrom. Sølvi døde nokre månadar seinare enn siste. Då hadde me overtatt nok ei omplasseringskanin; Bonnie (dvergwedder).

Brått satt me igjen med ei kanin. Då var det på tide å fornye. Eg kjøpte inn ein nydelig kaninunge (wedder) som skulle bu saman med Bonnie. Denne kalla eg Miini. Ho var så skjønn og søt. Diverre greidde katten å drepe henne. Me var tilbake til start.
Medan desse to skulle verte vennar hadde me anskaffa oss Moony (wedder). "Ho" gjekk ikkje saman med Sølvi i det heile. Det var forøvrig derfor Miini kom i hus. Då måtte me sjølvsagt få ein partner til Moony. Dette vart Mulan (hermelin). Moony viste seg å vere ein hann, og me hadde brått mange kaniner.

Me hadde igjen ein del av ungane. Helene, Trampe, Sjakk og Silke. Resten solgte me. Etter at Miini døde trengte Bonnie fortsatt ein venn. Dermed kjøpte me BitteLita. Ei kjekke dvergwedderdame frå Volda.
Etterkvart dukka det opp litt andre tilfeller; ein "hare" gis bort gav meg overbevising om å køyre heilt til Kyrkjsæterøra. Ein Belgisk Hare med navnet Sissi. Etterkvart kom også siste tilskuddet, som enda epoka i dag; Miini frå Ørje..

Det har vore ei fryd å kjenne alle desse individa. Me har gjort så masse kjekt, opplevd mykje og virkelig fått sjå korleis kaniner skal vere. Det er i alle fall sikkert at kanin vert i min hage når eg flyttar i hus igjen. Herlige dyr med mykje personligheit. 

Takk for alt små venna!


 

Ingen kommentarer: