torsdag 17. juli 2014

Kvalpane er fødde!

I dag tidleg kom der kvalpar. Det heile byrja rett før halv åtte. Då kravla Junah opp i senga mi. Eg kunne kjenne pressveene og forstod at eg berre måtte vakne med ein gong å prøve og overtale Junah til å halde seg i kvalpekassa. Etter litt ueinigheit vart me einige om at det kunne vere greit det.
07.52 kom fyrste kvalpen. Eg hadde på førehand ringt jormora mi (Hildegunn), men ho rakk ikkje fyrste. Dermed måtte eg berre stole på at Junah i det minste visste kva ho styrte med. Det gjekk så bra. Ei sobel tispe på 181g såg dagens lys. 
08.39 var nummer to ute. Endelig kom fargen eg likar best, nemleg tricolor. Dette var også ei tispe. Ho vog 196g. No var også Hildegunn komt, så assistansen var større og me fekk kokt ihop denne vindunderenergidrikken eg stod å kokkelerte på førre dag. Junah slurpa i seg i stort behov for meir energi. Ein kunne allereie no sjå at ho var sleten.
Den neste kvalpen tok tid. Me forstod etterkvart kvifor. Denne kvalpen kom baklengs utan pose. Etter litt drahjelp frå jordmora var ho ute 10.04. Nok ei tispe, denne var sobel og 225g. No byrja me å kjenne på magen til Junah for å sjå om der var fleire igjen. Hildegunn kunne finne ei, men me kunne ikkje sjå vekk ifrå at der kanskje var ein nr 5 sidan ultralyden viste det. 
 
Hildegunn, som hadde gjetta så bastant på at nr 3 skulle vere hannhund, prøvde å gjette seg på siste også. 10.52 kom der ut ei sobel tispe. Ho vog 230g og vart den største i kullet. Alle jentene med forskjellige teikningar og personlegheiter. Tispe nr 4 var rett nok einaste som kunne skryte på seg ein krage.
 Etter dette fall det til ro i kvalpekassa. Junah vaskar ennå i skrivande stund på dei. Kan ikkje vere skitne må forstå. Det vert ei spennande tid framover no!

Dagens visdom:
From the day we arrive on this planet,
and blinking, step into the sun..

Ingen kommentarer: