Då var påskeferien i gong. For å vere heilt ærlig føles det litt feil. Brått hadde eg "ingenting" å gjere. Mange kjenner vel kanskje til følelsen. Du gled deg så inderleg til ferie, men når ferien kjem så er det så merkelig, for du er van med å ha noko fast å gå til. Nei, eg klagar ikkje, men fyrste dagen er litt rar. Det vert nok trist når ferien er over.
I helja var eg i Oslo. Då var det utdrikningslag for systra som skal gifte seg i mai. Der nede var det sol, vår, og vakkert. So kom me heim hit, og her er det brått vinter igjen. I dag snøva det, konstant. Eg er eigentleg ganske glad i snø, men kjenner at eg er klar for vår. Var klar for ei påske med tørt og fint terreng.
Så er det vel i gong. Lat oss håpe påska byr på nokre gleder.
Eg veit iallfall to stk som elskar at snøen er her..
Dagens visdom:
When you try your best
but you don't succeed..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar