onsdag 18. april 2012

Eidskyrkja og pusane!

 I går var heile klassa mi på topptur. Me kaure inn i Austefjorden og tok sikte for fjellet dei kallar Eidskyrkja. Det er høgste fjellet i Volda kommune. Du ser ikkje toppen på dette bilete, men dette var altså der me starta.
 Det var strålande ver. Klar, blå himmel med ei sol som ruva over himmelen. Det var litt kjølig i lufta, men eigentleg var det heilt perfekt. Dei fleste gjekk på ski oppover, medan eg vandra på truger. Dette bilete er frå det læraren kalla Appelsinhauen, men ei i klassa meiner namnet er feil.
 Alt var så nydeleg rundt oss. 
Eg måtte heile tida stoppe opp og beundre naturen.
 Her har me endeleg vasa oss opp på skaret etter ein litt brattare bakke.
 Her står me ved toppen, og ser voldsfjorden. 
Såg til og med heim til Dalsfjorden. 
Ei finare utsikt skal du leite lenge etter altså!
 Ei lukkeleg Anita på toppen. Det var verdt all innsats!
 Eg berre seier det, har du anledning bør du ta turen. 
Ein nydeleg tur å gå!
 Så kan me snakke litt om fosterpusane. No vert dei lagt ut av Dyrebeskyttelsen og er klar for nye heimar. Dei er omlag 4 mnd gamle. Dette er Yuki og Atlas. To bestevennar, og gode brødre. Eg håpar eg finn ein trygg heim til dei, desse trur eg gjerne kunne likt å bu ilag også.
Så har me Rebus. Er litt usikker på kjønn ennå, for han/ho er ikkje så trygg på folk som dei andre to karane. Derfor heng han litt igjen. Lurer på å vente litt med Rebus, slik at det vert eit betre utgangspunkt. 

Dagens visdom:
Life goes on;
Praise the day!

Ingen kommentarer: