mandag 23. april 2012

Helgekurs i Agility!

 Heile helga har me dreve på på grusbana i Ørsta. Der har me vore gjennom alle hindra, og hatt det mykje artig. Eg har eit utval bilete av Junah, då eg ikkje likar å legge ut bilete av andre sine hundar utan løyve. Dette fyrste bilete er Junah på veg over stigen. Eg ser som vanleg svært normal ut.
 Junah var stort sett flink på hindra, men der var to stykk som var veldig skumle. Den fyrste var vippa. Tenk at den bevega seg. Det var forferdeleg skummelt. Eg trur nesten me må kjøpe oss ei eiga vippe, slik at me kan øve det inn heime.
 Den andre tingen som var skummel, var pølsa. Det var skummelt å måtte skubbe opp sjølv. Derfor treng ho ein god del øving der. Litt tøffare so har ho det!
 Bevis må ein ha veit du!
 Her er me i full aksjon på fleire hinder på rad. Junah syns det var veldig kjekt, og gjorde alt for ein liten pølsebit.
 Slalom tek tid å lære, men me er på veg!
 Dekket var null stress...
Alt i alt var det ei strålande helg, med godt ver, og godt humør. Mange kjekke folk og hundar. Forskjellige personlegheiter, og forskjellige meiningar. Likevel fungerte det kjempe fint. Me har fått ei grundig innføring i kva agility er for noko, og smakt mykje på korleis det skal vere. Junah tok mykje kjempe fint, og eg har ein del å emne på. Det kan verte kjekt å trene vidare å sjå kvar me endar. Kanskje ein vakker dag tørr me oss på ein offentleg konkurranse! :-)

Dagens visdom:
It's the jump that lifts you from the ground..

Ingen kommentarer: