fredag 27. april 2012

Anja 4 år!

 I dag fyller Anja 4 år. Tida rasar avgarde, og eg føler ho nettopp var den vesle kvalpen som eg henta på Leikong på jonsokafta. No er ho ei stor deigete jente, som elskar å bruke stor plass i sofaen.
 Ho er sjølvsagt meir enn det også. Det var tidleg at draumen om å verte Lassie kom opp. Desverre var ikkje ho rasetypisk for Collie, og vart nekta rolla. Likevel tek ho rolla på alvor i kvardagen.
 Ein kan seie mykje om Anja sine forhold til forskjellige hundar rundt om, men at ho og Junah har veldig god kjemi kan ein ikkje sjå vekk ifrå. Eg er glad dei fungerar så godt saman som dei gjer. Det var ei tid då eg og Anja var aleine, men me syns ikkje Junah er så verst heller.
 Sjølv om ho er byrja å kome opp i åra, er ho absolutt like nyskjerrig som før. Det er godt at ho er vaken og opplagt. Eg føler tida går så alt for fort. Me satsar sjølvsagt på at Anja skal leve i mange mange år til.
Kva er ein gebursdag utan godis? Griseøyra har ho sjølvsagt fått, i tillegg fekk ho godis i gåve med Really. Det fall veldig i smak. Ho takkar ikkje nei til mat denne kjella nei.

Gratulere så mykje med dagen din Anja! 


Ingen kommentarer: