tirsdag 8. mai 2012

Ellinorkurset!

 I helga som var var eg og Junah på Ellinor Antonsen sitt kurs i Ørsta. Der var kurs fredags kveld, heile laurdag og delar av søndagen. Me var heldige med veret på fredagen, men resten var snø og kaldt. Skulle ikkje tru det var mai iallfall.
 Dette var eit SUPERT kurs. Me fekk individuell oppfølging på oss, meg og hunden, vår ekvipasje. Alt var så spesifikt og konkret tilpassa for meg og Junah. I tillegg lærte me så utruleg mykje av å sjå på dei andre ekvipasjane, og korleis dei trente. Enda ein ting som var positivt var det store spennet gruppa vår hadde. Der var alle typar nivå, og dermed lærte me stort sett heile innlæringsprosessen. I tillegg har eg lært veldig mykje om meg sjølv som hundetrenar, og om hunden min. Eg har lært at eg ikkje treng å vere foringsmaskin, og eg har lært å vere meir bestemt.
Det var eit utruleg givande kurs. Me var spesifikt innom dekk, vendingar, lineføring, apport, fremmadsending og innkalling. Der var sikkert meir, men eg arbeidar med å fordøye all den supre informasjonen eg har fått. Ellinor har gitt utruleg mange tips og treningsmetoder for å oppnå eit bra resultat. No ser me lysare på målet vårt om å nå Klasse 1 i september. Ellinor fekk alt til å virke så enkelt, men samstundes så konkret. Eg lovprisar ho for dei flotte metaforane og døma ho brukte. Det hadde vore forståeleg for kven som helst, og det er det som er så herleg!

Får du sjangsen til å ta eit kurs med Ellinor, grip den. Eg skal iallfall neste år om eg får plass. Takkar også Ingrid Hesjadalen for dei nydelige bilete ho har tatt. Alle bileta i dette innlegget er tatt av henne!

Dagens visdom:
Er du med på tankegangen?

Ingen kommentarer: