tirsdag 4. januar 2011

Nytt år, nye moglegheiter!

Dette vert då mitt fyrste innlegg i 2011. Forhåpentligvis er det langt frå det siste. 2011 vert eit spennande år. Bachloroppgave står for tur, og den kjem til å prege store delar av våren. Eg håpe likevel at den går unna utan veldig store komplikasjonar. Ellers må eg også finne ut kva eg vil til hausten. Det store spørsmålet vert, kvar går vegen vidare? Resten får eg ta som det kjem. Når snøen dreg vert iallfall agilitysettet tatt i bruk!Starten på det nye året har eigentleg gått fint føre seg. Det har vore gode middagar, kjekke stundar saman med vennar og min beste venn Mario, som kanskje du også kjenner? Det har lava ned snø som rekk meg godt oppom knea, og det har rukke å regna litt i tillegg. Om du ser nøye på bilete over kan du også sjå to fornøgde pelsar som kikar på meg som er ute å tek bilete (klikk på for å forstørre).
I dag var det solformørkelse. Sidan sola er så treig her, på grunn av fjella, så vart det ikkje noko å sjå. Men derimot skumringa som kom krypande for litt sida, den baud på mykje fint lys ute. Ein kvar med kamera vert lokka ut då, etter mi meining.
Same bilete synes du? Er ikkje det tenk. Eine bilete får med stjerna, den andre får ikkje med stjerna. Når sant skal seiast er det faktisk ikkje ei stjerne. Det er ein planet. Venus. Den er ein kjent og kjær venn no i desse mørketider, dog min favoritt forekomst på himmelen er stjerna Sirius. Det er nemleg hunden til Orion. Astronomi har alltid vore interessant, astrologi også for den del.
Skylaget var skikkelig vakkert i kveld. Fleire lag, med utallige fargar. Ei fryd å sjå på. Eg vonar det vert mange fine kveldar frammover. Det er nok derfor eg er så glad i vinteren, den ynskjer stjernebileta og månen velkommen som ein god gammal venn. Dei kalde, klare kveldane er ein fryd å vandre ute i. Ei fin anledning til å lufte hunden. Eg kan nok aldri byrja sjå skrekkfilmar igjen, då hadde eg ikkje turt vandre der ute aleine når himlen er på sitt finaste!

Dagens visdom:
Twilight is the start of night,
but the end of the light..

Ingen kommentarer: