fredag 31. desember 2010

Året som har gått, 2010!

Januar
Dette er alltid starten på året, og ting går litt treigt. Likevel var eg ein tur til Oslo på Disney on Ice for ente gong. Medan me var der vart Petter født, mitt fyrste tantebarn. I januar forsvant også min kjære Iris. Eg byrjar dirigering og musikkutdøving på skulen. Eg laga også potetball for fyrste gong.Februar
Store delar av denne månaden vart brukt til å leite etter Iris. Me tok også kontakt med ein slik synsk ein som tok dyresamtale med Iris. Så kan det også nemnast at me feira Sandra denne månaden.Mars
Påskeferie. Me byrja å øve til Kjærleik i Fokus. 24. mars vert Sunny fødd.April
Anja vert 2 år. Me går på Elin og Kurt kosert. Kjærleik i Fokus vert framført.Mai
Anja, Dina og eg går på støylen. Eg er med på Kammermusikkfestival som medhjelpar. 17. mai vert feira som alltid med mykje stress. Pinsehelga kjem, og eg og Ole Andreas dreg til Lillehammer å henta verdas vakraste kvalp. Me legg torvtak på støylen.Juni
Korpse dreg på stemne på Åndalsnes. Dalsfjord Skule vert ribba for sine siste gjenstandar. Sunny går sin fyrste fjelltur til støylen. Heggen i hagen dett ned. Eg og Ole Andreas feirar vårt sjette år saman.Juli
Ferietid. Fyrst til Oslo og Hvaler, for så og dra vidare til Frønsdal på besøk til Sandra. Det var Sunny som fekk vere med oss dit. Vel heime igjen dreg me høgt til fjells på Nipa. For so å dra tilbake til Oslo i barnedåp og ete på Bighorn Steak house sjølvsagt. Dette er også tida for hesjing.August
Mulan forlet denne verda, det gjer også Bonnie. Utbrudd av flugelarvar er delvis grunnen. Eg serverte også i bryllaup, og byrja på skule igjen.
September
Denne månaden kunne me like gjerne hoppa over. Dei fleste kjenner historia her, eg reiser til Syden, kjem heim og Sunny er vekk. Moony forlet oss også denne månaden. Me bestig Galdhøpiggen, er på A1 konsert og fullfører kurset som eg og Sunny byrja på.Oktober
Sissi må avlivast i Ålesund då foten viser seg å vere døyande. Fyrste snøfallet kjem, og me hentar oss ein ny sheltiekvalp på Lillehammer. Ole Andreas vert også feira i sin 20 års dag.November
Junah er eit stort fokus. Me bakar flatbrød og den siste ørkenrotta takkar for seg. Harry Potter film nummer 7 vert sett på kino.Desember
Adventsfesten vert unnagjort som alltid, julebord, og Ole Andreas vert ferdigutdanna elektrikar. Kalle flyttar inn. Julafta, nyttårsafta.Det var året som var gått. Eg takkar for det gamle, og ynskjer det nye hjartleg velkommen!

Godt Nyttår!

Ingen kommentarer: