I dag gjekk eg og Anja oss ein tur opp i skogen. Det er alltid spennande å gå fyrste turen i skogen etter at det har vore snø ei stund, då er nemleg alt forandra. Stiane som me brukte gå og trea er enten borte, eller forfalne. Der dukkar også alltid opp nye og spennande kostruksjonar. Slik som desse to trea på bilete over og under.
Dette treet som er bilete av over synes eg var fasinerande fordi det danna ei bru. Enda meir imponerande var det at treet fortsatt stod i bakken, det hadde berre bøygd seg slik etter snøen mest sannsynlig. Og om ein skal gå djupare enn dette er det ei bru mellom mørk og lys, sidan sola treff på andre enden. Eg var litt fortvila sidan eg ikkje hadde med meg eit skikkelig kamera. Dette er nemleg berre mobilbilete.
Til slutt ei måsegrodd rot. Skulle liksom prøve å få bilete av det fine lyset som er i skogen når sola skin mellom stammene, men den gang ei. Eg får vel seie det slik at det må opplevast på eiga hand, eller noko i den dur. Det er vakkert når solstrålane bryt fram berre på bestemte plassar. Eventyrlig i skogen var det i dag. Anja synes også det var veldig spennande. Einaste eg har å utsette er at eg ikkje er så overbegeistra for å finne hjortelik/ delar av hjort, som jegarane ikkje har gravd skikkelig ned. Dette øydelegger idyllen for meg.
Dagens visdom:
Dagens visdom:
Navi… Navi, where art thou?
Come hither.
Oh Navi, the fairy, listen to my words…
The words of the Deku Tree…
Come hither.
Oh Navi, the fairy, listen to my words…
The words of the Deku Tree…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar