mandag 10. januar 2011

Skiføre..

No kan Anja endeleg vere ute utan noko lest av noko slag. Ho kløyvde nemleg av kloa si då ho leika med Dina for nokon veke sidan, og for at dette skulle få gro i fred, måtte ein ha på potesokkar, eller på bilete ein heilt vanleg lest. No er der komt ei hard og god hinne på kloa, og Anja kan nyte tilverelsen ute utan noko på føttene. Ein ting skal likevel seiast. Eg hadde på ho fire sokkar ein av dagane me gjekk tur. Me kom tilbake berre med tre. Det kom store mengder snø i mellomtida, men her i forgårs gravde Anja fram den fjerde lesten oppe i gamlevegen. Ho gøymde den vel i håp om å sleppe lestar!
På laurdag var eg og Ole Andreas på Bondalseidet. Kjempe fint føre, men desverre var der mykje spor, og mykje folk. Likevel hadde me ein fin skidag. Ole Andreas har fått seg nye slalomski, så det vert vel fleire turar utover våren tenkjer eg. Bilete er sjølvsagt tatt slik at ein ser Dalsfjordfjella i bakgrunnen.
I dag gjekk eg og Anja på skitur fram gjennom Dravlausdalen. Desverre så var der ikkje kaurt opp sidan forrige snøfall, så me måtte stavre oss i veg. Eg seier berre en ting: Anita + langrennski + skaresnø = TRAGEDIE. Me kom oss likevel heile heim. Var kjekt å sjå mykje harespor fram gjennom. Me møtte også ein hjortekalv. Heldigvis hadde eg bestemt meg for å prøve nye langlina til Anja, så eg fekk stoppe ho før ho skulle ha seg hjortesteik. Kan tenke meg Anja også ynskjer ho hadde noko på beina som flaut på snøen. Bilete viser den dautrøtte hunden når me var tilbake.

Dagens visdom:
Eg snører min sekk,
og spenner mine ski..

Ingen kommentarer: