fredag 7. januar 2011

Narnia og vekå..

I går va eg på kino å såg den nye Narnia filmen saman med Ole Andreas, Sandra og Sindre. Narnia har eg alltid likt. Eg vokste opp med BBC sin eldgamle versjon til juleserie, slik som mange andre i Noregs land. I tillegg har eg sjølvsagt bøkene, og dei e sjølvsagt også lest. Narnia er jo berre ei herlig fortelling. C S Lewis har gjort ein god jobb her (dog han har vorte mykje inspirert av sin gode venn JRR Tolkien). Filmatiseringa BBC hadde var ei god filmatisering som følgte boka godt, likevel kan den ikkje kallast så bra nå lenger. Teknikken og effektene har utvikla seg mykje sidan den gong. Ein treng til dømes ikkje lenger å ha ei pelskostyme der nokon må vere inni å leike Aslan. Den løvekostyma er forresten utstillt på eit museum ein stad. Dit må eg å sjå ein gong.På bileta her ser ein fyrste filmatisering av Narnia med bilete av Aslan. Det nedste bilete er av den nye versjonen av Aslan. Eg saknar nesten den fyrste Aslan, for han ser så mykje søtare ut enn den nye. Men eg har vent meg til den nye no. Han har mørk og kraftig stemme som gjer rolla hans overbevisande. For dei som ikkje visste det er Aslan ein metafor for kristendommen sin Gud.

Det er nye tider no, og det viser godt i Disney sin versjon av Narnia (tredje film Century FOX). Etter wikipedia godkjente også etterkomaren av Lewis grafikken før han godkjente filmatiseringa. Fyrste filmen var Løva, Heksa og Klesskapet, andre filmen Prins Caspian og den som me såg, Reisen til det ytterste hav. Eg synes filmen var spennande, kanskje litt seige scener av og til, men det store bilete likte eg. Der var nokon vriar i forhold til bok og tidligare filmatisering, men dei øydela ikkje på noko vis. Vidare reknar eg med dei iallfall filmatiserar Sølvstolen. Dette er bøker som tidlegare har vore filmatisert. Eg synes det hadde vore enda meir interessant om dei tok med Hesten og hans gutt og Drømmen om Narnia. Men mitt aller største ønske ligg i at dei filmatiserar den siste, og etter mi meining beste, boka. Dette er sjølvsagt snakk om Den siste striden.
(Sandra he fått sej fotoapparat)
Dagens visdom:
"All shall be done", said Aslan

Ingen kommentarer: