mandag 6. desember 2010

Presentasjon, Kalle!

Dette er Kalle. Han er ein dvergwedder, mest sannsynleg fødd i mars 2005. Han er ein veldig tam gut, som likar å vere ute å springe. Det er ikkje mykje me har rukke å verte kjent med han enda, for han flytta inn i går. Han kjem uta Torvika, og bur no i buret til Sissi.
I morgon reiser han allereie til dyrlegen for helsesjekk. Han er litt pjuskete, så me skal få polert han litt, og sjekke at han ikkje har noko sjukdom som dei andre her inne kan få.
Han er hittil ein likandes kar han Kalle, men snarast mogleg må nok mannlegdomen reise sin veg. Kan ikkje bu her med kvinnfolka viss ikkje. Me ynskjer Kalle velkomen til Kaninkolonien!

Dagens visdom:
Der dansar haren i kåte sprett..

Ingen kommentarer: