No har det gått heile fire månader sidan Junah kom til verda. Sidan den gong har ho funne på mykje rart. I dag jaga ho sin fyrste katt langt opp i eit tre. Stakkars Amigo.

Sidan eg og Anja brukte heile dagen på fjellet i dag, såg det veldig skralt ut med gode bilder for denne dagen. Eg har funne det komplisert å ta fine bilder innandørs, og prøvde meg ute, men det var allereie for mørkt når eg kom att..

Dermed vart det nokon sånn passe greie bilete tatt innandørs. Sidan eg fyrst måtte ta inne uansett, prøvde me oss på å stå på bord. Ikkje så veldig vellykka om eg skal uttale meg. Junah si sterke side ligg ikkje i å stå i ro, og eg har vel egentlig ikkje øvd så masse på det hit til heller.
Så, når ho endelig kom ned av bordet hadde ho store planar om å herje saman med Anja. Ho skulle slett ikkje takast bilete av i dag, det hadde ho ikkje tid til. Dermed vart det å springe etter, og få tatt noken bilete til, så eg iallfall hadde to..
Slik går no dagane. Junah he vorte ei flott jente!
Dagens visdom:
Med lange armer og ben
blir jeg både vakker og pen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar