mandag 4. oktober 2010

Dyra sin dag

I dag er det dyra sin dag. Anja fekk ekstra merksemd og godteri i dag, men eg hadde desverre ikkje så mykje ekstra tid til resten av gjengen, men når eg fyrst snakka med dei, tok eg meg tid. I dag er dagen ein verdsett litt ekstra den firbeinte i heimen. Eg har også tent lys på grava til Sunny. Det lyset skal lyse for Sunny og alle dei andre som ikkje er blant oss lenger. For å hedre dagen i dag, skal eg fortelje eit utdrag frå mi eiga dyrehistorie.

Fyrste dyret me hadde i heimen var ein katt, Svartepus. Dette var bror min sin katt, men eg fekk likevel eit godt forhold til ho. Svartepus var ein katt med MYKJE tålmod. Ho hadde eit godt hjarte og likte å vere med på alt som skjedde rundt om. Svartepus var ein slik katt som hadde ein tendens til å dukke opp der folk var å arbeidde ute i hagen. Desverre var det ikkje lov å sterilisere kattar den gongen, så Svartepus gjekk på p-pillar for å unngå ei overflod av kattungar. Dette førte desverre til at ho fekk kreft i sitt seinare liv. Me opererte ho for det, men to år seinare blussa det opp att og ho måtte gje tapt i kampen. Ho døde på gebursdagen til bror min, 31. mars 1998. Eg tenker ofte på ho, og den siste tida me hadde saman. Ho var slik ein flott katt!
Dagens visdom:
Animals leave pawprints on your heart..

Ingen kommentarer: