tirsdag 26. oktober 2010

Kvalp i hus..

Rare sovestillingar..
Lure blikk..
Leiker som skal tyggast..
Bilder som skal poserast på..

Ein står opp om morgonen, løftar den vesle ut av soveplassen. Tek ho ut på do, leitar fram maten, og så ut att. Så fortsetter dagen med soving, raptus, mat, dogåing, soving, raptus, dogåing. Så kjem ein til kvelden når kveldsmaten er gitt, og dogåinga er ferdig. Då legg alle seg og sovnar klar til ein ny dag.

Kvalpen må også ha eit namn. Alternativa er ei evig linje av kreative samansetningar. Nokon med tydningar, andre heilt meiningslause. Alternativ eg satt igjen med var Pepsi, Amy, Yatzy, Coda og Ninja. Etter ei nærare analyse av dei namna fann eg ut at eg eigentleg ikkje er så glad i Pepsi brusa. Det er ikkje så enkelt å kalle noko ein er glad i for noko ein eigentleg ikkje likar så godt. Så var det vidare til Amy. Eit nydeleg namn, som er samansatt av orda second og beautiful. Perfekt i min situasjon der dette vert mi nr to, vakre. Likevel vart det litt kleint sidan eg allereie assosierte namnet med andre hundar rundt om.

Så kom eg til Yatzy, det herlige spelet. Det passa berre ikkje inn etter å ha sett på det nokon gongar. Coda var min klare favoritt. Den søte bjørnen i Min Bror Bjørnen som er så herleg. Dumt han er gut. Coda har også ei enkelt, ikkje særleg treffande betydning; hale eller slutt. Derfor, etter mykje om og men, slo eg det frå meg. Ninja stod då igjen, men det vart brått så meiningslaust og tomt.

I går kveld dukka namnet Freia opp. Dette brann eg virkelig for der og då, men etter å ha smakt litt for lenge på det synes eg det vart for tamt. Det har gode assosiasjonar, og lyder eigentleg OK, men er litt tamt. Denne kvalpen er ikkje tam, ho er så mykje meir..

Så kom eg fram med Namy. Ei anna form for Naomi, som tyder behagelighet. Med tanke på at eg likte Amy ganske godt, så kunne Namy vere ein fin vri for å få eit nytt og friskt namn. Dessutan, tenkte eg det kunne vere ein fin slang for "Name-Me!", noko som er svært passande i dette tilfellet. Eg henta kvalpen laurdag, og enda har eg ikkje greitt å bestemme meg. No synes eg nesten synn på Nameless.

Av ein eller anna grunn greier eg ikkje fullføre setninga:
Hunden skal heite...
Men ho skal få noko betre enn Nameless, det tek berre litt tid.

Dagens visdom:
Betre seint enn aldri..


Ingen kommentarer: