onsdag 6. oktober 2010

Sissi mi..

Sissi vart født 19. juli 2003 og var av rasa belgisk hare. Eg søke ofte rundt om på finn.no, for å sjå om der e noko interessant. En dag fann ej noken so utlyste at dei hadde en hare. En ekte hare. Den 2. juni 2006 la ej og Stine oss i vei oppover til Kyrksæterøra og henta dinne sokalla haren. Dinne haren skulle nå verte kvit om vinteren og det var ikkje måte på. Dum som eg er trudde eg på dette, og rasa e nå faktisk ganske so lik en hare. Den delen med kvit om vinteren kunne ho spart sej, Sissi var ein Belgisk Hare, ei kaninrase avla fram til likskapen til haren, men fortsatt i kaninspekteret. Det tok meg to daga frå eg hadde fått kanina å finne det ut. Lurt, eller berre fortalt ei vridd sannheit. Sissi var uansett ei utruleg kjekk kanin. Så tam, så tillitsfull, så imøtekommande, så bestemt.

I dei siste vekene har ho vore plaga i bakføtene. I dag vakna me til ein veldig hoven og døyande fot. Dyrlegen konstanterte at det var ikkje meir me kunne gjere for ho, og avgjerdsla måtte takast. Kven er eg som leikar Gud å seier at ho skal døy...? Det var til det beste for Sissi. Ho skulle ikkje lide meir. Ei utruleg tung avgjerdsle. Sissi fekk bu saman med oss i litt over fire år. Ho vil nok alltid vere i minna våre som Sisse, harefrøkna vår.

Dagens visdom:

På grøne enger i store flokkar
Alt som er godt, løvetann lokkar
Ei flod av friheit og lukke..

Ingen kommentarer: