tirsdag 19. oktober 2010

Mobilbilete del 1

For tida driv eg og overføre ein del bilete frå mobil til data, og dermed dukkar det opp ein del blinkskudd som tidlegare ikkje er viste anna enn for meg sjølv. Eg tenkte eg skulle blogge noken få dagar framover med dei utklippa eg fann verdige å vise. Sidan eg har tenkt ein del på Sunny i det siste, og egentlig berre saknar ho meir for kvar dag som går, startar eg rett og slett med henne som tema.Dette er fyrste bilete eg nokon gong tok av Sunny sjølv..
Dette er leik med ei gammal kokkosnøtt som ein gong var fuglane sin..
Måkje tru det var enkelt å prate med folk på MSN....
Poserar så fint i altantrappa!
Synes det var artig å sjå at potane til Shadow er like stor som nasa til Sunny!
Den vesle lemuren min...

Dagens visdom:
What does not kill you
makes you stranger...

Ingen kommentarer: