tirsdag 19. august 2014

Rutiner og lærdom..

Kvalpane veks og trivst, men ein kan ikkje sitje berre å sjå på at dei vert større. Ein lyt bruke litt tid saman med dei, og førebu dei på tida som kjem. Dermed har me oppretta nokre faste rutiner kvar dag.

Fyrste rutina er i forhold til mat. Kvar gong eg kjem med fatet ropar eg på dei. Dette er starten på ei innkallingstrening, som kvalpekjøparar kan dra nytte av i seinare tid. Då forbinder dei "ropinga" med noko godt.
 Kvar dag vert kvar enkelt kvalp tatt opp i fanget. Her ligg den på rygg. Så byrjar eg systematisk å gå frå klo til klo, som om eg klipp dei. Sjølve klippinga gjer eg berre ein gong i veka, men eg går over alle klør kvar dag slik at dei blir van med dette. I dag sovna alle på fanget mitt medan eg styrte på. I tillegg til å sjekke klør sjekkar eg øyrer og tenner. På den måten er dei førebudde på framtidige helsesjekkar.

Nye stadar og nye miljø har også byrja verte ein del av kvardagen. Kvar dag får dei ein tur inn på stova/og eller på besøk til mor mi. Dei får og køyre ein kort tur med bil. Dermed førebur me dei på forskjellige innemiljø, folk og bil. Nyttige verkty i kvardagen som vaksen hund.
Eg prøvar å møte nye folk ofte. Dei må verte van med nye stemmer og forskjellige håndteringar. Eg prøvar likevel å ikkje overdrive. Nye hundar vert også på programmet frå neste veke. Hit til har dei berre jamnleg kontakt med ein annan sheltie enn mora. Dei elskar han. Kjekk å bite på, kjekk å springe etter. Vidare kjem møtet med andre dyr, men dette kjem me tilbake til.

På kvalperommet står P4 på dagane. Slik vert dei vane med andre lydar. Støvsuging, matlaging. Alt foregår rundt dei. Eg byggar rustning, og håpar dei vert førebudde. Eg gler meg til vidare utforsking og lærdom!

Ingen kommentarer: