torsdag 7. august 2014

Kvalpane 3 veker !

 I dag er gjengen heile 3 veker. Berre på ei veke har det skjedd store forandringar. Dei har byrja verte ganske stabile på føta. Dermed har dei også byrja å leike og bite kvarandre. Tennene har derimot ikkje komt heilt fram, men munnen er flittig i bruk. Har også haurt nokre få bjeff, knurring og hylinga har vorte meir intens når den fyrst oppstår. Hørselen er godt på plass og synet ser ut til å vere mykje betre. Dei er ikkje lenger små bamsar i ei eiga verd. Dei har lyst å vere ein del av verda utanfor kvalpekassa.
I dag fekk dei prøve sitt fyrste måltid, og avvenninga er offisielt i gong. Fyrste måltid bestod av karbonadedeig og litt lunka mjelk. Dette syns Arya og Meera var kjempe godt når eg fyrst fekk dei til å smake på det. Sansa var ikkje heilt overbevist. Ho tykkjer mjelka åt mor er betre foreløpig.
Det var faktisk så godt at dei måtte gjere fatet reint fyrst, og så vaske kvarandre rundt munnen. Etter dette fekk ho mor sleppe inn å vaske både kvalpar og kvalpekasse. For ho syns jo også det er kjempe godt med litt anna mat. Det skal og merkast at eg tok fotorunda FØR dei fekk mat. Tenkte kanskje folket ville sjå reine kvalpar utan "blodige" føtter med karbonadedeig!
 Arya (tispe 1) har denne veka lagt på seg godt, og er ein av dei mest ivrige i kvalpekassa. Ho er heller ikkje lenger den minste å sjå til. Ho har eit godt vokabular allereie med bjeffing, knurring og piping. Ho har også allereie godt utvikla motorikk. Ho er nok den kvalpen som fyrst kjem seg over kvalpekassekanten.
 
 Meera (tispe 2) har gått inn i rekka som minste i kullet. Ho har lagt på seg fint, men ikkje like mykje som sine to søstre. Ho har også komt langt i motorikken sin og har forskjellige lydar. Ho er nok den hunden som er mest avslappa med heile greia, men tek gjerne imot ein god leik. Ho er foreløpig den som er likast mora si slik ho var som kvalp.
 
 Sansa (tispe 3) har passert 1 kg og er fortsatt den største i kullet. Ho har også komt seg godt på beina og er flink med lydane sine. Ho er fortsatt eit matvrak, men som sagt likte ho ikkje ideen om å ete noko anna enn mjelk frå mora. Litt sunn skepsis til ny mat kan nok ikkje skade.
Dagens visdom:
Keep growing strong!

Ingen kommentarer: