torsdag 14. august 2014

Kvalpane 4 veker!

 I dag fyller jentene 4 veker. Tida har jammen gått fort, og mykje skjer på kort tid. Eg ser store forandringar både i oppførsel og ikkje minst utsjånad. Verda utanfor kvalpekassa er byrja verte interessant. Ukjente lydar, hendingar, folk eller hundar har byrja å ha ein verdi. Kvalpane får meir personligheit, og mora behandlar dei på ein annan måte. I tillegg har dei komt over i 4 måltid per dag. No et dei karbonadedeig og tørrfor. Snart er ikkje ho mor den viktigaste matkjelda lenger.

I tillegg har dei denne veka fått vere med å utforske stova. Dette har vore underhaldande både for dei og meg. Det er ikkje lenge dei held det gåande, men når dei fyrst herjar så er det livlig. Til slutt er dagens nye oppleving å få ormekur. På pakken stod det at den skulle smake godt, men det syns ikkje desse tre!!
 Arya (tispe 1) er tøffingen i kvalpekassa. Ho har attitude, og virkar fryktlaus. Robust jente, men med ei godside. Ho set stor pris på merksemd. Det er nok derfor ho har utvikla bjeffinga si til å skaffe merksemd. Er ikkje mange bjeffa, men eit lite er nok til at nokon reagerer. Ho er den desidert ivrigaste på avvenninga. Ho vil helst ete all maten slik at søstrene ikkje får. Denne veka var ho 1339g.
 
Meera (tispe 2) har vakna litt denne veka. I staden for å berre nyte kos frå folket har ho byrja å ta tak i halar, øyrer og skinn på søstrene sine. Ho inviterar gjerne til leik, og riv gjerne i bamsane som ligg i kvalpekassa. Ho padlar med føta, slik mor hennar gjor som kvalp. Dess artigare er det å observere henne når ho herjar rundt. Ho har funne ut at det går an å lage knurrelyd når ein leikar. Dette brukar ho flittig. Denne veka veg ho 1101g.
 
 Sansa (tispe 3) er kanskje den som har utvikla seg mest denne veka. Ho har byrja få ei personligheit. Ho er veldig glad i folk, og den fyrste som møter deg i kassa. Ho likar å verte styrt med, og har også eit ivrig engasjement i leik med dei andre. Ho dreg gjerne rundt på bamsar eller tygg på tepper. Dette vert nok ei skikkelig god jente å ha som partner.

Dagens visdom:
A home without a dog is just a house..

Ingen kommentarer: