I dag fyller det vesle kullet heile 6 veker. Leveringsdatoen nærma seg med stormsteg. Eg synes eigentleg det går alt for fort, og skulle ynskje dei kunne vere her lenger, men slik er det berre ikkje. Denne veka som har gått har dei byrja å utforske verda utandørs. Som eg skreiv i forrige blogginnlegg var dei på gardsbesøk på Bjørke. Dei har også byrja å vere utandørs kvar dag, på asfalt, på gras, på grus, på altan og så vidare. Variasjon er vel stikkordet.
Deira nye favorittstad er hundegjerdet i Dalsfjorden. Der får dei herje fritt på innegjerda området. Her har mor deira starta opplæring av korleis ein skal leike, og korleis det fungerar dette med språk og slikt. Dei har det hivens der ute. I dag får dei ormekur gong nummer 2. Siste før levering.
Arya har komt seg gjennom nok ei veke med nye utfordringa. Ho tek ting fort og tilpassar seg bra. Ho er nok ein av dei mest aktive, men det handlar ikkje om store forskjellane frå dei andre. Hopping og dansing og leik er det store i hennar hovud, den maten har ho nesten ikkje tid til.
Meera har vorte ei lita lure. Dersom du sit på golvet skal du vere sikker på ho kjem å bit deg i tåa. Ho elskar å klatre, og er mogleg ein utbrytarkonge. Ho tek utfordringa på strak arm, og ser ut til å få ein kropp som egnar seg godt for utstilling.
Sansa har vokse enda meir psykisk. Ho synes nye hundar er kjempe spennande. Ho har også nådd igjen dei andre i fysisk utvikling og er vidfaren og morsom. Ho tek gjerne litt kos dersom noken har tid, og ser på deg med sine bedårande auge.
Dagens visdom:
"It does not do to dwell on dreams and forget to live,
remember that."