fredag 24. januar 2014

Winter is coming..

 Snø har det ikkje vore så mykje av hit til i år, men kulda er her, me manglar berre nedbør. Eg er slett ikkje sikker på at nedbøren hadde vore kvit, for temperaturen svingar, men vinden kjøler jorda ned og frys alt som fins. I alle fall i Noreg.
 Midt på dag, når sola er som lysast, byrjar smelteprosessen. Dråpar som drypp og elvar som bryt ut. Følelsen av vår, nokre månadar for tidleg. I år er eg heilt forvirra på årstidene. Om det er januar eller april kunne ingen fortalt meg med overbevising. Kanskje har me hoppa over noke?
 Kalenderen følger sola, og den gjev oss eit lite hint om at me er i riktig månad. Dei få timane ho stryk bakken med sine varme strålar og hintar om at dei snart kan vere saman igjen. Som ei tragisk historie om kjærleik.
 Fienden er kulda, den onde som den gode skal bekjempe. Eg håper berre Kong Vinter rekk å kome innom før Dronning Sol tek over makta. Litt slik som Narnia med Den kvite Heksa og Aslan.
Elvene er frosne ennå. Kvite, harde, stille. Fossane er veggar av is, av runde kantar. Mellom dei glatte kantane, sleipe som ål, kalde som frossent stål ligg solstrålen, ja, faktisk i dobbel tydning. 
God helg folkens!

Dagens visdom:
Brace yourself..

Ingen kommentarer: