lørdag 8. februar 2014

Kattastrofe..

 Når du kikar innom bloggen er det som regel firbeinte dyr du ser. Som oftast er det dei som slektar frå ulven som prydar sidene, medan smådjevlane som stammar frå den store afrikanske kongen kjem i bakhand. Dette har eg bestemt meg for å gjere noko med. Eg har ofte tenkt på at det virkar ikkje så majestetisk å kome frå løva. Kjip samanlikning. Ho er da ikkje så staselig med sin alt for store afrosveis, iallfall ikkje skremande. Når eg tenkjer på stamfaren til katten tenkjer eg på tigeren. Den er staseleg den!
Du tenkjer nok ikkje mykje tiger når du ser denne dotten. Du tenkjer meir ein hårball med malingsflekkar, gjer du vel ikkje? Men inn i denne hårballen fins mykje instinkt. No skal det seiast at Erin er noko utanom det vanlege. Du skal vel leite langt etter kattar som er meir i sjøen enn på land, eller som hoppar på biltaket før du har parkert bilen fordi ho er så glad for å sjå deg. Miljøskada, eller for å stille spørmålet: "født sånn eller blitt sånn?
Kattar er rare skapningar, så like, men likevel så ulike. Her er tigeren min. Sola seg litt ekstra, tok litt mindre betakaroten og kaure på ekte pigment. Slapp den oransje huda. Kaos Amigo. Ho er vel alt anna enn eit kaos, og amigo er eit slikt ta og på emne. Dette er stereotypen av ein katt. Litt striper, likar å fange ting, kan klappast når det passar ho (travel timeplan må skjøne), og ikkje minst; har nokon tatt på meg må eg vaske vekk fingeravtrykka sporentreks. Tenk å ha eit slikt behov. Skulle eg ha vaska heile kroppen min kvar gong nokon kom bort i meg hadde eg ikkje hatt hud igjen. Tru meg!!

 Så har me Midna. Dette er eit eige kapittel i kattehistoria. Halen er kort, panna er lang, og kroppen er som ein ball. Kva som foregår mellom øyra veit eg ikkje, men eg trur nok ikkje det er like mykje som hjå andre katteindivid. Dyrlegen sa ein gong til meg "Viss det fans tilbakeståande diagnoser hjå dyr, så hadde denne katten definitivt fått ei". Det kan vel tenkjast vidare kva slags katt dette er. Ho har derimot ein veldig stram timeplan. Min kjære svoger streka faktisk under denne sist eg såg han; "Midna ligg i ruggestolen. Midna søv. Så vart det seint, og Midna la seg".
 Viss du ser føre deg ei personlegheit som er litt utanom det vanlege. Manglar sosial antenne, etterliknar litt rørsle som andre gjer for å virke normal, og lev litt i si eiga verd når det trengs, ja då har du henne. Midna, prinsessa av skyggeland. For kven skulle tru ho var så lik si navnesøster?
 Kattar er fasinerande dyr. Dei er eigentleg som kvinnfolk flest; sterke meiningar, humørsjuke, sta og til tider veldig sjølvsentrerte. Men frykt ikkje. Det er berre dei fleste. Fins jo alltids nokre unntak..!

Dagens visdom:
Oh misty eye of the mountain below,
Keep careful watch of my brothers' souls

Ingen kommentarer: