mandag 6. januar 2014

2014 it is!

Då var det nye året godt i gong. I dag har eg hatt min fyrste skikkelege arbeidsdag i år. Eller det vil seie, eg var faktisk på planleggingsdag fredag, men er fyrst i dag eg har undervist. Læraryrket har fordelar slik, når det gjeld ferie.
Hit til i år har eg ikkje utøvd dei store mirakela. Eg har heller ikkje noko nyttårsforsett eller store planar for året. Einaste eg veit er at eg ein eller anna gong i vår tek flyttefoten over på andre sida av Voldsfjorden. Eg veit også at det snart er vinterferie, og at påska kjem seint i år. Med så mykje uvisst kan det verte eit interessant år, håpar eg.

 Veiret er uvant i forhold til årstida. Me har på jamna 10 grader pluss, og liene grønkar som hagar. Nesten so det er skummelt å sjå. Det kunne fint vore april utan at noken kunne sett forskjell. Eg kan likevel ikkje klage. I slikt veir får eg gjort mykje eg aldri kunne drøymt om i ein meter snø, men sakne etter eit kvitt lag er der.
Sumar og grønfargen kjem tidsnok. No vil eg ha kvitemelerte greiner og reine markar. Nok gjørme no. Kanskje vert bønna mi haurt? Eg brukar ikkje meir energi på veiret. No håpar eg kroppen tek imot kvardagen både til sinns og utanpå. For no er det inga bøn. Innspurt til vinterferien er i gong.

Dagens visdom:
Det er kaldt i januar,
snø og is i februar
mars er heller ikkje mildt
men det lysnar i april

Ingen kommentarer: