lørdag 18. januar 2014

Stavanger og januar generelt..

Forrige helg var heile familia til Stavanger. Har var det "big happenings". Anna Dortea skulle nemleg døypast. Me reiste ned fredags ettermiddag. Sa eg at det er ei kinareise frå Hovden til Sola flyplass? Me må fyrst til Oslo. Vente der, så reise vidare. Nok om det. På flyplassen vart me henta av den nybakte familia med dåpsbarnet. Dei kaure oss inn til hotellet vårt. Det var eit fint hotell. Det der Royal hotellet til SAS. Grei avstand til sentrum, og til og med basseng.
Det var ikkje før søndag me skulle i barnedåp, dermed hadde me laurdagen føre oss. Då gjekk me rundt å utforska gatene i stavanger. Eg fann meg til og med nokre deilige Puma vintersko. Herlig. Me var innom Moods, og sidan dei hadde gode tilbod, måtte eg slå til med den nydelige nattdressbuksa (med natthue). Elles er ikkje eg den store shopparen, så noko bilete av kva eg kjøpte trur eg heller er uinteressant. Var forresten innom dyrebutikken også. Der var ikkje allverda, men fann noko til Dina.
For hundane, dei var nemleg på avlasting ut på Sætre. Dei budde saman med Dina og familia hennar. Der hadde dei det veldig godt, dermed slapp eg å bekymre meg så mykje for dei. Godt å sleppe det.

Ein kan ikkje reise til storby utan å ete på Big Horn. Dermed vart ettermiddagen/litt av kvelden tilbrakt der. Me var 12 til bords. Big Horn er jo min store favoritt når det gjeld biff, men denne gongen var eg skuffa. Det stod slett ikkje til forventingane/prisen. Stort minus til Big Horn Stavanger denne gongen..
Så kom søndagen. Me stod klar med bunaden på klokka elleve. Det var ei lang Gudsteneste, men var ikkje så verst ho prestedama. Anna vart døypt og alt gjekk som det skulle. Etter kyrkja var der eit lite opphald før me fekk kinesisk mat. Det var faktisk nydeleg. Så kom ei lita pause, me søskena sang ein liten song på dyrene i afrika sin melodi, og så kom kakene. Det var ein fin barnedåp! Seinare på kvelden reiste me heim, rakk siste ferja og møtte to kjekke jenter i døra!
 
Me hadde forøvrig hatt besøk av nokon andre også. Dei hadde ete opp alt me hadde i skuffa og tygd søndt alt av kjøkkenutstyr. Skikkelig koselig..
Denne veka har vore hard. Kom aldri rundt med nok søvn frå helga så har hatt ein del å ta att. Likevel har eg no overlevd og starta ei ny helg. I går var eg og Mari på Helgahornet ein tur. Elles tilbrakte me ei heil stund saman i Ørsta. Det var ein skikkelig koselig og artig dag. Godt med vind, men slikt må ein tåle. 

Heime i Dalsfjorden til kvelden kom Alexander med eit nytt spel; Norsk Galskap. Dette var eit artig, sosialt og enkelt bordspel. Virkelig anbefalt som familiespel, partyspel, til ein artig kveld, etc. 

Dagens visdom:
Ein fårkje det artigare enn ein gjer det til sjølv..

Ingen kommentarer: