mandag 30. desember 2013

Nyttårskavalkade 2013

2013 starta ganske så hardt hjå dyrlegen. Rebus måtte bøte med livet etter akutt sjukdom på nyttårsafta. Ingen kjekk start på året, men kanskje skulle det verte betre?
Januar fortsatte med tunge og kjedelege pedgogikktimar. Eit lite lyspunkt i kvardagen var at me starta jakta på ny bolig. Dette skulle vise seg å vere ein mykje lenger prosess enn me hadde håpt på. 
Medan me sonderte boligterreng, sonderte eg også anna terreng, Mork som trening for LP, og Mork som trening for blodspor og vakker natur.
Sånn på større basis var januar 2013 frost, men nydelig veir. Me kan derfor bevege oss vidare til februar. Sidan det var kaldt i februar kunne dei produsere mykje snø på skisentera. Dermed vart den fyrste slalomturen då. Elles var februar fyllt med ennå meir fineveir, flotte fjelltura, og VINTERFERIE.
I mars tok me steget vidare. Eg ville muntre opp min kjekke sambuar og spanderte dermed hotellweekend med skipass. Påska kom også strykande i mars. Då reiste eg og Ole Andreas ned til Stavanger og henta eit flyttelass, og tok med oss Linda og Alexander heim til Dalsfjorden. I Stavanger fekk me forøvrig oppleve Earth Hour på Big Horn.
Påska gav mange flotte fjelltura. To flotte turar på Vardehornet mellom anna, og ein koseleg hyttetur på Fossastøylen.
Fyrste helga i april reiste eg til Bergen saman med Hege og Stine. Dette vart den fyrste utstillinga til Junah i 2013. Me satt seks tima i ein iskald ridehall, MEN Junah fekk si fyrste raude sløyfe. Kanskje den siste også? Er ikkje godt å seie. Ein kjekke tur var det iallfall.
27. april fyllte Anja 5 år. Då hadde me treff med alle søskena me fekk tak i. Herlig å sjå alle dei forskjellige søskena. Håpe me får sett dei igjen ein gong.
I mai skjedde det mykje. I starten var eg og Hege med hundar ute å gjekk blodspor. Eksamensperioda kom i gong (mykje lesing). Bolla piggsvin vart sett ut i den frie natur. Me gjekk mykje i fjellet, hadde ei flott pinse med fint veir, fekk kajakk til gebursdagen min, og den er flittig brukt sidan. Så var det 17. mai som og gjekk smertefritt.
Juni starta flott, med bryllaupet til Mari og Per Arne. Skikkelig koselig å få dele dagen med dei. Me deltok også på utstillingskurs i desse tider. Dermed vart Junah påmeldt til Vestnes. Etter mykje boligkiking skreiv me under kontrakt på leiligheit i Olaskogen. I mellomtida reiste eg og Ole Andreas til Kreta.
Men rett før Kreta-turen var eg ferdigutdanna som Adjunkt. Ferdig på skule (for no), så ei herleg veke i sol og glimmer. Då me kom heim feira me at me hadde overlevd kvarandre i 9 år, før me bestemte oss for å anskaffe katt. Junah fekk forøvrig blå sløyfe igjen på Vestnes. Kjipt.
Så kom juli. Ferien i gong for fullt. Det vil seie, eg arbeidde seks veker på Løvikbuda. Erin kom i hus, då vart alt straks mykje meir livlig i heimen. Ho datt på sjø frå andre etasje, tryna i betongen frå altanen og gjor mykje anna sprell. I juli var og eg, Hege, Thareq, Junah og Anja på Bekarshornet. Ein flott tur, trass mykje vind.
Juli var full av regn her på Vestlandet. I slutten av månaden kaure eg og Hege ned til det flotte Sørlandet. Nærare bestemt Arendal. Her deltok me på eit kurs med Amokk. Frå leik til lydigheit. Her fekk me så nydeleg veir at me måtte vere inne i hallen. Ein kjekk campingtur saman med godt selskap.
Så kom august sigande. Fyrste helga reiste me til Storefjell. Alltid kjekt å vandre på viddene der. Me fekk og med oss Plumbo konsert. Deretter byrja instruktørkurset i Førde for NKK. Her møtte eg mange nye, kjekke hundeinteresserte. Me hadde og helikopter på støylen denne månaden. og sist men ikkje minst vart Junah 3 år 27. august.
September kom med fineveir. Mange nydelege fjellturar denne månaden. Eg byrja og som vikar på Øyra barneskule. Sidan det ikkje var så mykje arbeid til meg, var eg veldig mykje ute å gjekk. Gløymer nok aldri dei flotte turane me hadde. Eg bestod også instruktørkurset sin eksamen denne månaden.
Så kom oktober. Den er eigentleg ikkje så mykje å snakke om, men eg vart tante igjen til vesle Anna 16. Oktober, og Ole Andreas vart eit år eldre. Derfor går me fort vidare til november, month of change.
 Me fekk vere med Åse med compani ut på Kråkenes i yrande storm. Ei stor oppleving, og utruleg kjekt. I tillegg kom fyrste snøfallet. Størst av alt, eg fekk tilbudt og starta i kontinuerlig jobb.
Så kom desember. Me starta den i København. Ein herleg adventstur i rushen. Deretter var det nokre intensive veker med juleditt og juledatt før freden senka seg den 24. desember. Sidan då har eg ete, ete og ete. No går 2013 mot slutten, og oppsummeringa er gjort. Mange store vendingar dette året, og herlege turar saman med herlige menneske. Eg håpar 2014 byr på meir spenning, nyhending og gledje. 

Let all your memories hold you close!
Godt nyttår!

Ingen kommentarer: