torsdag 21. november 2013

Fyrste snøride denne sesongen!

Då kom den etterlengta snøen heilt ned i Dravlausbygda. Den dala så stille ned ei natt, og låg å venta på kvar ei sjel morgonen der på. Så reint, så fint. Ein heil dag med dalane fnugg. Det skal seiast at vegane var håplause, og brøytebilane seint ute, men det gjor ingenting. Gjensynsgledja var stor.


 Så vaksen og ansvarsfull som eg er måtte eg sjølvsagt ut å sjekke kvaliteten på denne sokalla snøen. Dette tykkjer eg er best ved å lage ein snømann. Eg byrja rulle, og både Anja og Junah hjalp flittig til, på sitt vis. På eit anna vis kan ein kalle det å "sette personleg preg" på snømannen. Anja syns det var morosamt å grave søndt, det gjor forøvrig Junah også. Så dei starta frå kvar si side. Her har du bilete av damene på den tidlegare snømannen.

Det kjekkaste med snøen er istjokklar. Laaange, store, som smeltar på tunga. Junah fann ein i akkurat passe størrelse ved Fjellbu i dag. Berre 6 gongar henna eiga høgd. Skulle vel fått smelta i munnen ei stund då tenkjer eg.
Julekortbileta er i boks, og snøen er allereie på veg bort. Eg vonar den kjem snart attende slik at me kan treffast igjen. Stort sett er nemleg snøen ein trufast og god venn. Kan vere noko kald ein gong i blant, men elles spreier den gledje i mitt hjarte!

Dagens visdom:
Snøv er ikkje døv,
det er berre tøv,
Den er kvit og fin
Den er min og din

Ingen kommentarer: