lørdag 16. november 2013

Møte med sterk storm..

I dag tidleg kaure eg heimaifrå. Pakka med alt eg hadde av vind og regntette klede. Åse hadde nemelg tatt kontakt kvelden før om at sterk storm kjem frå havet. Sanneleg hadde ho rett. Eg merka det allereie når eg kaure utover mot Syvde. Vindkasta drog i bilen, og det hølja ned med regn.
 Så møtast me på Shell på Måløy. Det viser seg me vert eit følge på 5 personar. Derifrå køyrer me saman til Kvalheim. No startar vinden verkeleg å ta seg opp, og ein kjenner det godt i bilen. Heldigvis har me med oss nokre erfarne gutar. Det kan vere greit å vite kva veg du skal parkere bilen for å ikkje miste døra når du let den opp. Eg berre nemner det.
Frå parkeringsplassen ved eit vatn byrja me vår sidelengse vakling mellom dei gedigne vindmøllene. Å gå rett fram var vel optimistisk. Me var vel som ein hau med fulle folk som vandra i dei merkelegaste stillingar opp gjennom grusvegen. Anja syns det var kjempe spennande å vere med på. Heldigvis hadde ho god bakkekontakt, det hadde derimot ikkje øyrene hennar.
 Junah syns ikkje det var fullt så kult. Eg kan på ein måte skjøne det. Når du går ut av bilen og vinden slår pusten ut av deg. Du prøvar å bevege deg framover, men vert kasta bakover i stadig sterkare tak. Overkroppen må fram og føtene ut i balansegang. Sjølv om det er overflod av oksygen rundt deg kjenner du følelsen av å ikkje få puste, før du snur deg bort frå vinden og tek inn ei frisk og kald luft. Vinden riv deg i kleda, i skone, i føter i hender. Du kan ikkje anna enn å smile. "Me er fulle på høglys dag, til og med utan å drikke" kjem det brølande frå sida mi. Så ler me alle godt medan me stavra oss vidare.
 Etter å passere ruvande vindmøller som ljomer av vinden, kjem me til eit utkikspost. Då kjem Skoddefolen sigande. Me tenkjer det ikkje kan vare så lenge sidan vinden har auka, men den tok aldri slutt. Me fekk små snuttar av havet og omgjevnaden vår. Det frisknar gjennom heile systemet og eg kjenner at dette er herlig, deilig, men samstundes litt skummelt.
 Det føles som Åse og eine karen går fram på eit stup, men eigentleg finn dei berre eit sekund med ly. Me slår oss ned og nyt delvis bøger som slår og ei varierande utsikt utover mot horisonten. Eg kan ikkje anna enn å tenkje det er nydeleg. Det er vakkert, så fint, så mektig. Kråkenes fyr ligg der nede å står imot dei store bølgjene. I går var dei målt opp i 13 meter høge. Vinden herskar no. Utover ettermiddagen skal det visst auke. Me tek eit val om at det er tryggast med retur til parkeringsplassen, då det mørknar fort, og tyngre vind ville gje oss mobiliseringsproblem.
I ly bak kraftverket tek eg det siste bilete på turen, av to blåste jenter som syns det heile var spennande når alt kom til alt. Den tredje jenta, eg sjølv, smiler frå øyre til øyre. Eit blidt møte med naturkreftene, følelsen av naturen i arbeid. På kanten, litt farleg, men samstundes så friskt. Tusen takk for laget gutar og jenter!

Dagens visdom:
Vind med makt
i all si prakt..

Ingen kommentarer: