torsdag 5. desember 2013

Advent i København..

For fyrste gong så lenge eg kan hugse, har eg brutt med faste tradisjonar og opplevingar når det kjem til advent. Eigentleg kan ein kalle det ein revolusjon. Nyhending og omdirigering står ikkje sterkast i livet mitt. Tradisjonar har alltid vore viktig, og gitt trygge, faste rammer. Eit eller anna må ha skjedd, for i år tok eg det slett ikkje med tungt mot å bryte alt av tradisjonar.

Fredag kveld flaug eg og Ole Andreas ned til Oslo. Der fekk me overnatte med mi kjære syste. Det hadde vore ei tung, og lang veke. Fyrste veke i ny jobb der kvardagen byrja klokka fem om morgonen var over, og energien til å reise vek var meget fraværande. Likevel føltes det godt å kome ned til Oslo. Laurdag byrja me førmiddagen i sentrum. Der var to korte mål; Neo Tokyo og Starbucks. Starbucks vart fyrste ut. Der naut eg ein god Chai Latte, medan dei andre prøvde seg på andre vel-klingande varmdrikkar. Etter ein kort lunsj sette me vegen mot Arkaden, og mitt mål. Pocky vart det hamstra inn av, og eg fann ein gensar eg berre MÅTTE kjøpe. Er ikkje ofte eg får den følelsen av "må ha", men denne gongen slo eg til. Totoro i mitt hjarte. Smilegensar for godt humør. Kjem godt med i tunge vinterdagar.

Etter ei japansk kulturreise vart det litt meir vandring på Karl Johann. Melange hadde mellom anna ein pepparkakestand der ein kunne pynte si eiga gitarpeparkake. Dette gjor eg sjølvsagt. Pynta den med små marshmellows, tyrkisk pepar og jelly beans. Det var for so vidt berre dei tinga ein kunne velje mellom. Eg elskar alt som er gratis. Ein ekte Sunnmøring.

Klokka var no byrja nærme seg to. Då var det på tide å vende nasa mot det eigentlege målet; DFDS og København. På denne turen tok me med oss Linda med familie. Me budde på Commodore lugar. Det vil seie at me hadde havutsikt og litt meir plass på rommet. Dette kjem godt med då turen nedover til tider føles som lang. Det skal og nemnast at det var mellom sterk kuling og storm når me reiste nedover, så sjøgangen i båten var heftig. Ein greidde ikkje gå i rette linjer og hovudet byrja surre. Nesten so eg nesten datt ut av senga på natta.
Men etter ein real storm lysnar alltid sola opp tilverelsen. 8:30 på morgonen stod eg ute på dekk å fotograferte sola som røyste seg i horisonten. Eit herleg syn, og stor kontrast til den vuggande natta. Etter ein god frukost gjekk me i land i Danmark. Nærare bestemt København. Godt med vind ennå, og litt småkjølig, men heldigvis hadde me kledd oss godt. Shuttlebussen frakta oss inn til Kongens torv og me kunne starte sightseeinga vår.
Me byrja som forrige gong på Magasinet. Eit stort kjøpesenter i enden av "Strøget". Her gjekk me veldig fort gjennom. Mykje merker og sånne fancy ting der. Ikkje noko for oss bondeknøla. Dermed sette me kursen mot "Strøget", Københavns svar på Karl Johan. Her måtte me innom viktige butikkar som Disney, Lego og H & M. Me kika for det meste, men litt shopping vart det.
Til slutt måtte me ein tur innom det berømte tivoliet midt i sentrum. Dei hadde dekorert til jul i alle retninga, og all mark var dekt av kunstsnø. Mykje fine lys og fargar. I tillegg fann me reinsdyra til julenissen. Etter å ha kjøpt det obligatoriske sukkerspinnet sette me kursen opp igjen mot Strøget, før shuttlebussen førte oss i retur til båten.
Eg kjøpte meg ein kattekjole i København. Dette valde eg å bruke til julebordet på båten på returkvelden. Dette la sjølvsagt den fulle tenåringsgjengen merke til, så det enda med at dei gjekk rundt og mjaua resten av kvelden. Trur eg haure nokre bjeff også. Etter mykje god julemat fekk me nærare bekjentskap med Black jack og roulette. Eg rula i black jack på privaten, men fekk prestasjonsangst på kasino. Roulette var deriomot artig, sjølv om eg spelte vekk pengane eg hadde tatt ut. Ole Andreas derimot tjente seg inn ein god slant.

Så putra båten i retur til Oslo. Der skilde me lag med vårt reisefølge, før me flaug ein meget turbulent tur heim. Vert ei gooood stund til eg skal flyge igjen. Alt i alt var me samde om at det var ein gild tur!

Dagens visdom:
Eit friskt pust,
gjev livets lust!

Ingen kommentarer: