fredag 29. mars 2013

Hyttetur..


 Slik eg har forstått det, er påska til for å gå på fjellet. Dette har eg sjølvsagt tatt alvorleg på meg, og nytta høve fullt ut. Dermed vert det nok eit fjellinnlegg. For det er nemleg det påska mi har handla om hit til. Eg og Ole Andreas vandra oss oppover i går kveld. Sigande etter kom heile familien Jørund og Linda og Alexander. Me kosa oss med vårt svar for påskekrim; cluedo, og alt for mykje godteri. Slik er det å vere på hytta. Bilete over viser Ole Andreas og hundane på Løviktua. Veret i går var veldig skiftande, og her kan ein tydeleg sjå snøbyga kome.
Neste morgon, i dag altså, var det heilt disigt i morgonstundene. Det er ikkje bilete som er spesielt uklart, slik var det berre. Nokre få skyer rundt sola, og disige fjell. Her stod me nede på tua å kika nedover brattebakken for å sjå om det kom noko folk i dag.

 So skein det heilt av. Skyene forsvann og veret vart heilt klart alle vegar, og for ei varme sola gjev no. Vindstille og deilig. Det kom også tre nye folk til fjells i dag. Kjekt når me fyller hyttene litt.
 Og når veret er så fint, må ein nesten unne seg ein ekstra tur. Sjølv om bakken var bratt, er det alltid verdt det når ein kjem opp. Resultatet vart:
 Ole Andreas for fyrste gong på Vardehornet, og det på vinterstid. Ikkje verst, ikkje verst. Nydeleg utsikt, vindstille, og steikande sol. Kan tru me vert raude i fjeset i kveld.
Her har me ein anna kar som og var på Vardehornet for fyrste gong. Han var dødssleten vil han påpeike. Junah var sjølvsagt også med, igjen. Anja måtte vokte Petterbu på Støylen saman med resten av folket. Hit til har me hatt ei solrik påske, so no får me håpe det held ut dei siste dagane. 

Dagens visdom:
Det er i motbakke det går oppover,
men fy så kjekt å renne på raua ned att!

Ingen kommentarer: