søndag 24. mars 2013

På vegen atter ein gong..

 Denne helga har gått med på å køyre tur/retur Stavanger for å hjelpe til med eit flyttelass. Me reiste ut laurdags morgon, og var heime for litt sidan i dag. Når du sit så mange timar i bil kan du ikkje gjere anna enn å sjå ut glaset å nyte litt av fineveret og Noregs vakre natur. Fyrste bilete er tatt like før Noregs vakraste dal, Våtedalen. Her er geite om sommaren og snø om vinteren. Den er berre heilt fantastisk og strålar av nasjonalisme.
 Når ein køyrer slik sjekkar ein facebook hundre gongar i løpet av dagen. Det har vore ei mare å sett alle dei nydelige fjellbileta. Det har rett verka i føtene å ikkje få vere heime denne nydelege palmehelga. Likevel har me hatt nokre høgdepunkt i løpet av turen. her fann med ei snodig løysing. Trur Ole Andreas kalla den rompesprekken, men er ganske sikker på den har eit betre namn..
 Ein kan ikkje legge skjul på at bruer er noko me ikkje er van med her oppe. Me kan alltids ynskje det, og ferjene var ikkje noko nytt akkurat. Masse vakre byggverk i øyhoppingane rundt Bergen. Ein kan ikkje gjere anna enn å verte litt fasinert over heile greia.

 Solnedgong i havet er vel heller ikkje noko å forakte. Ein norsk solnedgong gjer dei fleste reiser verdt å reise. Nydeleg vakkert, tatt i farta over ei eller anna bru. Appropos solnedgong var det og Earth Hour i går kveld. Til min store (positive) forbauselse tok Big Horn Steak House dette seriøst i Stavanger. Me sat altså med tjertelys å åt ein utmerket biff. Er ikkje godt å seie om han var steikt eller ei, men smaken var flott og tanken bak Earth Hour er vel også fin.

Alt i alt har det vore ei lang reise med musikk, ferjer, svele, bru, mat, litt meir å ete på, facebook, flyttelass og ein god posjon humor i forskjellige grader. No er det tid for å nyte den "stille veka" før Påska bryt ut for fullt. Me sjåast!

Dagens visdom:
One day baby we'll be old
Think of all the stories that we could have told

Ingen kommentarer: