For nokre veke tilbake lyste Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal ut ei sak om eit piggsvin. Det skulle visstnok lukte mykje, og var snakk om å fore det opp i vekt, før ein la det ut i kontrollert dvale. Sidan me har ein butikkjellar med jamnt 21 grader i, kunne det passe fint å plassere eit piggsvin der, viss det skulle vere så grusom lukt. Dermed fekk eg det oppdraget.
Nokre dagar seinare reiste eg ut på Dimna å henta det. Det viste seg at denne karen/jenta var ute å vandra i snøstorm, noko som er svært uvanleg på denne årstida. Dermed hadde dei som budde der tatt det inn i garasja. Etterkvart fann dei ut at piggsvinet ville krevje litt, og søkte dermed om hjelp via Dyrebeskyttelsen.
Fyrste dagen vog me det, og vekta låg på 300 gram. Noko som var svært lite, sjølv til ein unge å vere denne årstida. Heldigvis har me noko som heiter Pinnsvinhjelpen. Dei har døgnope, og der er ei hyggelig og veldig behjelpelig dame i den andre enden. Ho har rettleia meg gjennom alt. Piggsvinet har fått ormekur, vore til dyrlegen og fått sjekk, og no vert det fora opp. Maten det får er mellom anna oppbløtt kattungefor, men me fekk beskjed om å prøve litt forskjellig frukt og greier.
Bolla er no over dobbelvekt og aukar stadig. Han/ho likar best kattamat, men smakar litt på forskjellig som me tilbyr. Vert spennande frammover å sjå om me får lagt han/ho i dvale, og sleppe fri til våren. Og forresten so luktar det nesten ikkje i det heile. Alle dyr luktar sjølvsagt litt, men me skiftar underlag (aviser) kvar dag, så då er det heilt fint.
Så snart kan Bolla pinnsvin gå til skolen..
To be continued..
2 kommentarer:
Flinke!
Så kjekt å høre at andre også har et Bolla pinnsvin i forvaring ! Kunne godt tenke meg å utveksle litt erfaring.
Legg inn en kommentar